Russland og Ukraina var del av turnéplanen
To konsertar i tett program blir avlyste grunna invasjonen.
Aurora haustar gode kritikkar for albumet «The Gods We Can Touch», som kom ut i slutten av januar.
Frå mars til september er ho på turné i Europa og Amerika.
På programmet sto opprinneleg ein konsert i Kyiv i Ukraina 6. juli. I tillegg var det planlagt ein førebels uannonsert konsert i Russland.
– Det ligg vel i korta at dei er avlyste, seier manager Geir Luedy til BT.
– Det er berre trist, legg han til.
I mars og april ventar fleire konsertar i Storbritannia, frå 15. til 6. juni skal Aurora halda 15 konsertar i Amerika, 13 i USA, 2 i Canada.
Så ventar Bergenfest på heimbane 16. juni før 10 konsertar på 2 veker andre stadar i Europa, blant anna i Polen, Tsjekkia og Slovakia.
6. juli i Kyiv i Ukraina er avlyst. Dermed blir det pause frå 1. juli i Litauen til Canal Street Festival i Arendal 29. juli og Øyafestivalen i Oslo 13. august.
Så ventar ni konsertar til på kontinentet, frå Paris og Amsterdam til Brussel, Zürich og siste stoppestad; Milano 7. september.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.