Russen blei mobba
Politiet fekk måndag melding om knust rute i hytte, øydelagt vegg på Os vgs, ung fyllekjørar med narko i bilen - og russ som blei plaga av eggkastarar.
Politiet har fått ein del meldingar om støy frå russen, både i helga og natt til måndag og tysdag.
– I 2.30-tida i natt var det ein som ringte inn og fortalte at russ som hadde samla seg på Halhjem heldt han vaken med høg musikk, fortel Audun Hadler-Olsen.
Kasta egg på russen
Men også russen blir plaga av andre.
– Noko russ meldte i går ettermiddag om at det kjørte ein bil etter dei og kasta egg på russebilen deira. Dette hade visst pågått ei stund.
Politiet rykte ut, men fann ikkje bilen.
– Vi fekk kontakt med eigar av den aktuelle volvoen, men det var ikkje han som kjørte.
Ung bilist mistenkt for promillekjøring
I 18-tida måndag ettermiddag blei ein 21 år gamal mann stoppa av politiet nær Best-stasjonen på Byvegen.
– Han er mistenkt for promillekjøring. I tillegg fann vi litt narkotika i bilen.
Politiet blei også kontakta av ein drosjesjåfør i går.
– Ein passasjer hadde problem med visakortet sitt. Dette er registrert og om ikkje vedkomande kjem tilbake og betalar for turen blir han meldt.
Knust hytte og alarm på Os vgs
Måndag i 10-tida fekk politiet melding om mogleg innbrot i ei hytte på Halhjem.
– Ei rute var knust, men det ser førebels ikkje ut som om noko er stole frå hytta.
Klokka 23.15 måndag kveld gjekk innbrotsalarmen på Os vidaregåande skule.
– Nokon har skore hol i to rubbhallar. Patruljen kom til staden, men då var det ingen der, seier politiet, og ber eventuelle vitne koma med tips.