Politi | 28. mai 2023
Russefeiring på overtid
Klage på støy i Os sentrum.
Kjetil Vasby Bruarøysundag 28. mai 2023 11:11
Laurdag kveld, før midnatt, fekk politiet klage på «forstyrra nattero» i Os sentrum.
Årsaka var ein russebuss som spelte høg musikk. 11 dagar etter at russetida blei runda av med 17. maifeiring.
– Meldinga kom klokka 23.49. Ungdomen om bord sa dei skulle til Bergen. Dei fekk pålegg om å dempa musikken og å halda dørene på bussen lukka mens dei sto parkert, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.
Det kom ikkje fleire klagar utover natta. Politiet i Os hadde ei elles roleg pinseaftan og natt til søndag.