Rusa ungdom - lause hundar
Måndag kom melding om trafikkulykke i Borgavegen, rusa ungdom i sentrum, to gongar - og heile fem lause hundar.
Måndag i 22.30-tida fekk politiet melding om rusa undgom i Os sentrum.
– Ambulanse og politi rykte ut og ungdomen blei tatt hand om av venar og familie, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.
Cirka ein time seinare kom tilsvarande melding, om ein annan ungdom, som også blei tatt hand om av venar.
Frontkollisjon i låg fart
To bilar kolliderte i ein sving i Borgavegen måndag.
– Bilane hadde låg fart og ingen blei skadd.
– Pass på hunden din!
I 15-tida i går kom melding om sakna hund på Skorvane, ein husky. Hunden blei funnen etter cirka ein halvtime.
På ettermiddagen fekk politiet melding om laus hund på Berge. Ungar blei redd for hunden og eigar fekk påminnar frå politiet at vedkomande måtte ha kontroll på dyret sitt.
– Vi fekk også inn melding om ein laus fuglehund i Kuvågen. Hunden er levert til Fant.
Midtsiden fekk melding om to lause hundar i Kuvågen, ein husky og ein mindre hund. Dei blei funnen av eigar etter at vi la ut tips på Midtsiden si facebook-side.
Er du dyreeigar eller dyreven?
Følg Midtsiden på facebook, så får du kanskje tips om kvar hunden din er, om den er sakna.