Lokal | 05. nov. 2013
Rusa mann på skule
Ein mann i 20-åra gjekk rundt på Kuventræ barneskule.
Kari M. Lyssandtysdag 05. nov. 2013 09:29
I morgontimane tirsdag fekk politiet melding om at ein person i påverka tilstand vandra rundt på Kuventræ barneskule.
- Personen var der då dei ansatte kom på arbeid, men hadde forlate staden då vi kom fram, fortel politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.
Det var ikkje gjort noko skade på staden og heller ingen teikn til innbrot.
- Mannen er ein kjenning av politiet så vi kontakta han og gav han eit pålegg.
Køyrde på hjort
I halv ni tida fekk politiet melding om ein bilførar som hadde køyrd på ein hjort på vegen mellom Lepsøyvegen og Hagavik.
- Viltnemda er kontakta.
- Det blei meldt om skader på bil, men ingen personskader, avsluttar Hadler-Olsen.