Politi | 23. sep. 2024
Vandra i tunell med kniv og brekkjern
Lyshorntunnelen blei stengt, politiet rykte ut.
Susann Haukeland Børnesmåndag 23. sep. 2024 06:00
Klokka 04.19 fekk politiet melding om gåande person i Lyshorntunnelen.
Vegtrafikksentralen stengte tunellen, og politiet rykka ut.
– Der møtte dei ein rusa mann i 20-åra, opplyser operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen.
Klokka 04.47 hadde politiet fått mannen i bilen, og tunellen kunne opna igjen.
Mannen hadde òg på seg kniv og brekkjern.
– Det blir oppretta sak, fortel Dahl-Michelsen.