Lokal | 02. mai 2013

Rus, innbrot og mista buss

Politiet oppsummerer 1. mai: Tre meldingar om overstadig rusa personer, to innbrotsforsøk og bistand til ein som mista bussen på Halhjem.

Rus, innbrot og mista buss
Politiet fekk torsdag melding om innbrotsforsøk i Os barnehage (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 02. mai 2013 09:17

Politiet melder om ei relativt roleg 1. mai og natt til fridagen.

– Litt var det likevel.

– Natt til 1. mai fekk vi melding om to personar i eit buss-skur.

– Meldar meinte dei var overstadig rusa og trengde hjelp. Vi sende ambulansen ut der, men då dei kom fram var det ingen der, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

Ville ikkje i drukkenskapsarresten

På dagen 1. mai kom det ny melding om ein person som truleg trengte hjelp.

– Meldinga gjekk på at det låg ein mann langs vegen.

– Denne gongen var ambulansen oppteken, så patrulja tok turen sjølv, men heller ikkje denne gongen var personen der då vi kom fram.

– Vi fekk òg telefon frå ein som hadde teke hand om ein kamerat som var i overkant full.

– Han ønskja at politiet skulle ta over ansvaret for han, men då han fekk høyre at alternativet vårt var å køyre vedkommande til drukkenskapsarresten, så ville han heller la kameraten sova ut rusen hjå seg, fortel Sperrevik.

To innbrotsforsøk

I løpet av siste døgnet har det kome meldingar om to innbrotsforsøk.

– Det første var ved Os vidaregåande skule kor fleire sensorar hadde slått ut.

– Då vi undersøkte fann vi ikkje teikn til innbrot eller tjuveri.

– No på morgonen har vi fått melding om eit nytt innbrotsforsøk, denne gongen i Os barnehage.

– Der er meldinga så fersk at eg har ikkje meir info enno, seier politioverbetjenten.

Mista bussen, fekk hjelp

Ein kar som kom sørfrå med kystbussen mista bussen då den køyrde av ferga på Halhjem.

– Han var på veg til Haukeland og hadde tinga sine ombord i bussen.

– Vi fekk organisert litt slik at han skulle få att tinga sine og fekk satt han på ein ny buss, avsluttar Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.