Rundt Ulven for 20. gong
Til saman 426 gjekk Ulvenmarsjen denne helga. Britt og Per Henry Pedersen var blant dei som fekk merke og premiar.
Ulvenmarsjen, som i år blei arrangert for 33. år på rad, hadde til saman 426 deltakarar. 203 gjekk marsjen laurdag, 223 søndag.
Deltakartal til samanlikning:
2010: 504
2009: 436
2008: 560
Eldste deltakar i 2011: 86 år gamle Lotte Lise Scheie.
Dei som fekk merke var:
25 år på rad: Julia Elisabeth Hauge og Arnhild Stokke
20 år på rad: Tommy Birkeland, Per Henry Vaktdal, Per Henry Pedersen og Britt Pedersen
20 ulike år: Berit Haukeland, Reimund Lunde og Solveig Søviknes
I konkurranseklassen i kappgang søndag, der løypa går ei sløyfe mot Kysthospitalet for å utvida frå 14 km til 15 km, var det desse som var raskast:
Menn
1. Arild Fotland, Søfteland 1.23.49
2. Arvid Bjørsvik, Viking 1.37.20
Kvinner
1. Halldis Nagell-Dahl, Viking 1.45.25