Politi | 01. juni 2021
Røykte hasj ved Os ungdomsskule
Tre unge gutar og ei jente på 14 år tekne av politiet måndag kveld.
Kjetil Osablod Grønvightysdag 01. juni 2021 08:59 - Sist oppdatert 01. juni 2021
Rundt klokka 20.30 måndag kveld kontrollerte politiet fire personar ved Os ungdomsskule.
– Alle dei fire hadde røykt hasj, fortel politioverbetjent ved Bjørnafjorden lensmannskontor, Anne Lyssand.
Dei fire personane var ein gut fødd i 2000, to gutar fødd 2003, og ei jente, fødd i 2006.
– Det blei oppretta sak på kvar av dei unge. Gutane blei dimittert på staden etter at foreldra til gutane på 17 blei varsla. Jenta på 14 år blei køyrt heim, avsluttar Lyssand.