Rosa veke på Bjørnefjorden
For sjette gong arrangerer Bjørnefjorden golfklubb "Pink cup" til inntekt for brystkreftaksjonen. – Det blir ei rosa veke til ende, fortel dagleg leiar Eivind Hodneland.
Kvar år inviterar Noregs Golfforbund medlemsklubbane med å den humanitære dugnaden "Pink cup" kor inntektene går til brystkreftaksjonen. Bjørnefjorden Golfklubb har vore med på aksjonen heilt frå Kreftforeninga og golfforbundet inngjekk samarbeidet i 2008. Den lokale klubben er kjend for å gjera det skarpt i konkurransa om å samla inn mest pengar.
– Om vi gjer som i fjor og året før, og havnar blant dei 10 klubbane som samlar inn mest, så får to av para som deltek på turneringa laurdag moglegheiten til å spela i landsfinalen som arrangerast på Losby gods den 15. september, fortel dagleg leiar ved Bjørnefjorden Golfklubb, Eivind Hodneland.
Alt for saka
Det er ikkje berre kvinnene i klubben som deltek i aksjonen, også dei mannlege medlemmane gjer sitt fortel Hodneland.
– Overskotet både av seniorturneringa i kveld og av herreturneringa på torsdag går til aksjonen.
– Heile 48 spelarar er påmeldt i kveld, og om ein vil så kan ein bidra med meir enn startkontingenten. I proshopen tek vi imot ekstrabidrag med glede.
– Det gjeld forresten også for dei som "berre" kjem opp her for å slå ut nokre bøtter på drivingrangen eller for ei sosial runde på banen, supplerar Hodneland seg sjølv.
– Klé deg i rosa
er den klare oppfordringa frå dagleg leiar.
– I tillegg til å samle inn penger, ønskjer vi å få fokus på saka.
– Oppfordringa er difor klar, både til karane og kvinnene som kjem her for å spele denne veka.
– Klé deg i rosa for å vise at du støttar aksjonen.
Avsluttar med sosial turnering
Den rosa veka avsluttast laurdag kor klubben inviterar til par-turnering kor to og to spelarar går saman og slår annankvart slag på ballen.
– Einaste kravet til å vera med er at du har spelt litt golf før.
– Om du er nybyrjar eller proff, kvinne eller mann, speler ingen rolle. Det er ei utruleg sosial speleform for ei god sak, avsluttar Eivind Hodneland.
Dette er Pink Cup
75 klubbar og fleire enn 3100 spelarar har allereie meldt seg på årets Pink Cup. Turneringa er eit samarbeid mellom Kreftforeninga og Noregs Golfforbund og starta i 2008. Samarbeidet har så langt samla inn flere millionar til brystkreftforskning.
Aksjonen går føre seg på baner over heile landet, og avsluttast med ei landsturnering på Losby Gods 15. september.