Rosa sløyfe: Kuppa Coop-konkurranse
Skogedal stiller med 17 tilsette - vann gigantisk startportal!
Søndag startar årets Rosa sløyfe-aksjon.
– Coop er ein av hovudpartnarane til Rosa sløyfe-aksjonen, og i fjor var Coop den samarbeidspartnaren som gav mest til aksjonen med en donasjon på 5,2 millionar kroner.
Dette fortel administrerande direktør i Coop Hordaland SA, Lise Skarpås.
Eit kjenneteikn med Rosa sløyfe-aksjonen er Rosa sløyfe-løpet.
Grunna koronaviruset er årets Rosa sløyfe-løp digitalt og du kan difor løpa kvar og når det passar i perioden 4. til 11. oktober.
Du kan velja mellom ei løype på tre eller seks kilometer, og om målet ikkje er beste tid kan du også gå, sykla, sparkesykla eller bruka andre kreative framkomstmiddel.
Vann stor startportal
– Coop sentralt har hatt ein konkurranse kor den butikken med høgast prosentandel tilsette som melder seg på løpet, får ein stor startportal fra Rosa sløyfe utanfor butikken, fortel Skarpås.
– Extra Os har heile 17 engasjerte tilsette påmeldt løpet, og vann difor konkurransen!
– Det betyr at på søndag kl. 12.00, når startskotet for Rosa sløyfe-løpet går, så er portalen på plass utanfor Extra Os, og dei tilsette skal løpa Rosa sløyfe-løpet sammen.
Viktig sak for både oss og kundane våre
Butikksjef hos Extra Os, Øyvind Skogedal, har allereie starta markeringa med å blåsa opp den noko gigantiske startportalen ved inngangspartiet til butikken på Amfiseneteret.
– Ja, den var i alle høve stor nok, seier Skogedal og ler godt. Men eg og dei tilsette ser fram til å slita den ut på utsida av butikken når vi skal løpa saman på søndag.
Skogedal, som sjølv er ein ivrig løpar, fortel at han har har laga ei løype på 3 kilometer som strekk seg frå butikken til 70-sona i Hjellemarka.
– Sjølv om vi ikkje kan invitera andre til å springa med oss på søndag, har vi trykt opp løypekart som kundane våre kan henta i butikken. Då kan du når som helst ta del i aksjonen mellom 4. og 11. oktober.
– Fysisk aktivitet og et sunt kosthold er jo to av de viktigaste faktorane for å førebygga kreft, avsluttar Skogedal.