Romjulsdugnad i kyrkja
Sundag blir den etterkvart så tradisjonsrike romjulskonserten arrangert i Os kyrkja med ei lang rekke lokale artistar.
Det som starta i 2010 som eit initiativ for å skaffe midler til Sigrid Tvedt sitt arbeid innan forebyggande rusarbeid har utvikla seg til å bli ein tradisjon når intiativtakar Hallgeir Forstrønen Bjørnevik sundag klokka 19 inviterar til årets romjulskonsert.
Dei tidlegeare konsertane har dratt ei nær fullsatt kyrkje og gjeve viktige bidrag for Sigrid og Vindfanget sitt arbeid.
Sjå video frå konserten i 2011
Lang rekkje artistar
Hallgeir har få problem med å få med seg artistvenar på denne dugnaden. På årets program finn vi mellomanna:
Gina Aspenes, Hildegunn Myre Dale, Annveig Myklebust Fjellstad, Martin Herfjord, Øyvind og Marius Vedvik, Anne Solberg Andersson, Kari Torsvik, Tone Rose Bratland, Steinar Lyssand, Arne Hernes, Knut Vidar Garlid, Ken Williams.
I tillegg kjem gateprest Thor Brekkeflat og Vindfanget sitt arbeid blir presentert gjennom ein video.
For å få arrangementet i hamn har Hallgeir fått med seg Hildegunn Myre Dale, Johanne Rotvik og Inger-Johanne Haugland.