Romantisk med brukt og nytt
Hvite fjær og hjerter: Nina og Bjørn Arve Midttun har opna interiørbutikk i Os sentrum.
Laurdag opna ein ny butikk i Os sentrum, gåve- og interiørutvalet på Osøyro har blitt yttarlegare styrka med forretninga "Hvite fjær og hjerter".
– Eg har vore interessert i møbelrestaurering og interiør i mange år. Det var veldig kjekt å få draumen om å opna butikk realisert laurdag, seier Nina Midttun.
Butikken som nabo med Nordea ved Osbrua, i lokalet Loppas Gjenbruk heldt til i.
Utvalet består i hovudsak av gåveartiklar og småmøblar i romantisk stil, fransk landstil og noko shabby chick. Men også noko tekstil, og meir er på veg inn.
Lagde planar med søstera
Ho og ektemannen Bjørn Arve flytta til Os og Halhjem for rundt 10 år sidan. Det er Nina som driv butikken, der ho også skal ha med seg dottera Nathalie (18), men av og til set ho også mannen i sving i snekkarbua med eit og anna praktisk småoppdrag.
– Eg delte interessene mine med søstera mi, som eigentleg skulle vera med å opna butikk med meg, fortel Nina.
Søstera gjekk dessverre vekk i januar i fjor, men ho er på mange måtar med i butikken.
– Ho var glad i fjør, eg er glad i hjarte, derfor namnet Hvite Fjær og Hjerter AS.
Noko brukt – mykje nytt
Mange av møblane i utvalet er restaurerte, eldre møblar som Nina eller Bjørn Arve har funne og så sett sitt særpreg. Andre møblar var i utgangspunktet noko heilt anna.
– Dette var ei spaghettisil, seier Bjørn Arve og peikar på ein lampe.
– Denne bokhylla var vinduslister hos naboen og dette bordet var ei gamal dør, legg han til.
– Men mesteparten er nytt, legg Nina til.
Dansk og norsk
Hvite Fjær og Hjerter sel interiørvarer frå danske Jeanne d´Arc Living og tekstil frå norske Sagen Vintage Garden.
– Det kjem meir inn frå begge leverandørar, men vi fekk ikkje alle varene til opningsdagen.
Frå Sagen Vintage Garden er det førebels berre veskene som er på plass, men det kjem også klede.
– Vi overtok lokalet i starten av mars. Sjølv om ikkje alle varene var i hyllene til opningsdagen laurdag hadde vi ein veldig fin start med mange folk innom, fine tilbakemeldingar og godt sal, seier Nina og Bjørn Arve Midttun.