Lokal | 14. juli 2012

Roleg på Os - 7 tatt på Tysnes

Politiet i Os fortel om ein roleg fredag, men på Tysnes er det full fest og enkelte som oppfører seg litt merkeleg.

Roleg på Os - 7 tatt på Tysnes
Litt trøbbel må ein rekna med på ein fest så stor som Tysnesfest. (Arkivfoto/ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 14. juli 2012 09:14

Politiet i Os har ikkje noko å fortelja om fredagskvelden og natt til laurdag, men i nabokommunen vår over fjorden er det besøksrekord, noko som også har tatt med seg enkelte tilfelle av bråk.

– Politiet har tatt hand om 7 rusa personar, 3 av dei er tatt med til arresten, fortel operasjonsleiar Inger Myrtvedt i Hordaland politidistrikt.

• Klokka 21.10 fredag ramla ein mann på sjøen på Våge. Han var aggressiv då han kom på land og blei tatt med til arresten i Bergen.

• Klokka 22.50 blei ein mann i 30-åra tatt med til arresten etter å ha sloss med ei kvinne i 20-åra.

• Natt til laurdag hadde ein mann brote seg inn i eit hus rett ved festivalområdet. Der hadde han gått og lagt seg. Då huseigar vekte vedkomande blei han sint og trugande, men politiet tok hand om han og gav han ein annan plass å sova.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.