Kultur | 29. apr. 2010

Rocka reisebrev

Andreas, Niklas og Erik på tur: Erotisk «karaoke», franskmann som vil til Søfteland og intimkonsert med Big Bang - i Texas.

Rocka reisebrev
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 29. apr. 2010 13:20

Festivalarrangør Andreas «Andy» Lindborg bør ha plenty med motivasjon med seg når han sundag er tilbake til Søfteland og Søfteland Rock 'n' LoL.

Saman med kameratane Erik Aasen og Niklas Linde er han på tampen av ei rundreise, som for Andreas og Niklas starta med avreise til Tokyo sundag 10. januar i år. Etter fleire stopp i Asia og Australia gjekk turen vidare til USA, der Erik slengte seg på.

Her er noko av det Andy fortel om i reisebrevet under:
• God start i Tokyo
• «Karaoke» i feile «mikrofonar» i Vietnam
• Opptur i Kambodsja
• Faith No More i Australia
• Intimkonsert med Big Bang - på tacorestaurant i Austin
• Surfing i Costa Rica og tur til Machu Picchu
• Heimlengsel

No rundar dei tre kameratane av reisa i Brasil, der dei også skal treffa andre osingar som har vore på reise i fleire månadar, Thea Hellevang Berg og Mariann Fagerbakke Kvittingen.

Jentene sin tur kan du lesa meir om på theaogmariann.blogg.no

Her følgjer reisebrevet frå Andy:

Hyggelege japanarar
Vi starta turen vår i hovudstaden i Japan, Tokyo. Vi såg så og seia alt som var å sjå og var superturistar. Det enorme undergrunnsnettverket tok oss der vi ville, men vi gjekk også mil etter mil rundt i byen for å blant anna sjå den digre Tsukuji fiskemarknaden, Tokyo Tower og Electric City.

Tokyo hadde dei absolutt hyggelegaste menneska vi har møtt, som nødvendigvis ikkje alltid forstod noko som helst, men smilte og hjelpte så godt dei kunne likevel, og gatene i byen var alltid reine og ein fann aldri noko boss flytande!

Stress i Hong Kong
Ferda gjekk vidare til Hong Kong og vi var framleis superturistar. Vi gjekk heile vegen opp til Victoria Peak, som er Hong Kong sitt svar på Ulriken, og såg utover heile byen og alle dei ufatteleg høge bygningane den har. På toppen hadde vi vår første utepils iført berre shorts og t-skjorte. Herleg!

Gatene var overfylte av indarar med bart som ville prøve å selje deg ”Watch? Anything special? Hashish?”. Dei blei etter kvart veldig irriterandes og den stressande kvardagen gjorde at tre dagar der var lenge nok for oss.

Gjekk i fella i Vietnam
No stod Vietnam, Kambodsja, Thailand og Singapore for tur. I Vietnam blei vi tatt til feil hostel frå flyplassen. Fyren som tok imot oss på hostelet hevda at det var det riktige hostellet og at alt var bra. Han lurte oss trill rundt! Hatet steig og vi skjønte fort at vi hadde gått i ein nybyrjarfelle.

Det blei ikkje noko særlig betre då vi seinare skulle ut å ta eit par pils på det vi trudde var den lokale karaokebaren. Karaoke i Hanoi er ikkje det same som i dei fleste andre land! I Hanoi inneber det lettkledde jenter og eigentleg ikkje noko særlig med synging. I alle fall ikkje i dei mikrofonane som er kopla til karaokemaskin. At «songarane» tok med seg jentene til vårt hostel for å synga vidare hjelpte heller ikkje noko på inntrykket av Vietnam og Hanoi.

Opptur i Kambodsja og Thailand
Kambodsja blei ein herleg opptur! Det fantastiske Angkor Wat-tempelet, pils for tre norske kroner og haugevis av feststemte backpackarar!

Thailand starta minst like bra som Kambodsja. Fest på stranda til tidleg morgon og Full Moon Party. Etter det kan ein seia det gjekk litt nedover. Andregradsforbrenning i ansiktet og på store delar av kroppen etter ein heller fuktig fullmånefest.

Tips for Full Moon Party: smør deg med solkrem sjølv om du reiser til festen når solen allereie er gått ned. Du kan ende opp med å feste i 18 timar og så tenke at ein dukkert etterfølgt av ein liten høneblund er smart. Det er det ikkje.
Flott sjukehus og flotte legar då ...

I Singapore trefte vi to norske jenter som vi klarte å overbevisa til å koma på festival på Søfteland i sommar. Suksess!

Festival i Australia
I Australia var vi på rockefestivalen ”Soundwave” og såg mellom anna Clutch, Gallows, Eagles of Death Metal, Anvil, Anthrax og eit Faith No More i storslag, som framførte ein eigen versjon av ”Pokerface”. Det var utruleg godt å endeleg høre litt skikkelig rock etter veker med listemusikk på uteplassane rundt i Asia.

På Samoa blei vi vekt opp midt på natta av tsunamivarsel, grunna jordskjelvet i Chile og kjørt vekk frå hostelet, som låg om lag 40 meter frå sjøen, og tatt opp på det høgaste punktet på øya. Tsunamien gjekk stille forbi, men øydeleggingane frå september-tsunamien sat nok friskt i minne hos innbyggjarane på øya. Ei veldig spesiell oppleving som heldigvis enda bra!

Erik, USA og Big Bang
Statane stod no for tur og der møtte vi tredjemann, Erik. Vi trefte også ein kar frå Paris som for augneblinken leitar etter flybillettar til Bergen og Rock n Lol festivalen til sommaren!

Høgdepunktet i USA var utan tvil ”South by South West-festivalen” i Austin, Texas, som er verdas viktigaste festival for up-and-coming-artistar verden rundt.

Heilt tilfeldig fant vi ut at norske Big Bang skulle spele på ein tacorestaurant, og vi møtte opp. Det var Big Bang, oss og om lag 50 andre i publikum. Intimt og vannvittig artig! Elles så er det berre hamburgarar og feit mat som er billig og passande for eit backpacker-budsjett.

Surfing, Inka Trail og matforgifting
Derfor passa det bra med ei vekes surfecamp på Costa Rica. Vannvittig kult, men vi fekk også haugevis av juling frå bølgjene på veg ut på leit etter den perfekte bølgja! Etter surfinga stod Inka Trail og Machu Picchu for tur. Uheldigvis måtte Erik og Niklas kaste inn handkledet på grunn av ei matforgifting frå Costa Rica. Sjukehusa i Peru er faktisk flotte dei også.

Andreas gjekk heile inkavegen og var på det høgaste oppe på 4215 moh. Peru har eit heilt fantastisk landskap og turen var absolutt på topp av opplevingar på turen. Niklas og Erik møtte resten av gruppa på Machu Picchu og ruinane der er berre heilt utrulege! Kan sterkt anbefalast!

Heimlengsel i Rio
Siste stopp før snuten vendast heimover er Brasil. Intens soling og late dagar står på agendaen og heimlengselen sniker seg innpå oss. For at overgangen ikkje skal bli for stor skal vi møte to osingar som også har vore på tur og har Brasil som siste stopp.

Mamma sine kjøttkaker er bestilte og det skal bli godt å kome heim til faste rutinar og arbeid med årets store hending, Rock n Lol!

Sundag 2. mai er dei tre heime igjen i Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.