Rivast kanskje neste sommar
Romprogrammet for OsUAktiv er klart inklusive ein «utandørshall».
I formannskapet tysdag ba Helge Steinum (Ap) om ei statusoppdatering for OsUAktiv (Gymsalbygget/badet ved Os ungdomsskule, journ.mrk).
– Den er positiv, svara prosjektsjef Halvor Hanevik.
Saman med brukargrupper og andre har prosjektavdelinga jobba med saka.
– Vi er no ferdige å programmere bygget. Der har blant anna brukergrupper, tillitsvalde og verneombod vore med, og vi er no einige om innhaldet.
– No går vi i gang med å detaljteikna bygget, både byggeteikningar og dei andre tekniske teikningane som må på plass for at vi kan legga det ut på anbod. Vi håper på å få det ut på vårparten 2018.
Bygger «frihall»
Hanevik forklarte at dei har ein spesiell fokus på saneringa av det eksisterande bygget.
– Det er også utfordrande grunnforhold som vi må ta omsyn til. Planen er å ferdigstilla bygget i løpet av 2019. Det blir ikkje til skulestart, presiserte prosjektsjefen.
– Vi kjem i tillegg til å setja opp ein midlertidig rubhall for skulen si aktivitet medan vi held på.
– Ein ting til vi prøver å få til innanfor gjeldande regulering er å bygga noko tilsvarande det som blir kalla ein «Frihall». Det er rett og slett eit stort tak, eller overbygg som ein kan driva aktivitet under, tørt og godt både i skuletida og på fritida, avslutta Hanevik.
Manglar plass til dans
I 2. tertialrapport er også prosjektet omtale når det gjeld innhald.
Under Os kulturskule står følgjande: «Da det viser seg at vi ikkje kan kombinera musikkrom og dans i OsUaktiv, ser vi etter nye lokale for dans. Kapasiteten i Oseana er sprengd, og vi har 80 elevar på venteliste.»