Ringer deg i dag
TV-aksjonen: Driv du firma i Os? Du er det ein viss sjanse for at Lisbeth Axelsen eller Terje Hatvik slår på tråden onsdag ettermiddag.
Søndag 20. oktober er det tid for TV-aksjonen til NRK, ein aksjon som er verdas største innsamlingsaksjon og dugnad.
Inntektene frå årets aksjon går til den frivillige organisasjonen Nasjonalforeningen for folkehelsen, og deira arbeid for personar med demens og deira pårørande.
Sjølve aksjonen får i dag ein tjuvstart i TV-aksjonen sin ringestafett, der representantar frå kvar kommune ringer næringslivet i bygda si for å be om bidrag.
Frå klokka 14 til 16 i dag skal radiovert Terje Hatvik og kultursjef Lisbeth Axelsen ringa rundt til bedriftene i Os.
Målet for Hordaland er at dei til saman rundt 40 frivillige skal få inn 1,5 millionar kroner.
Inntektene frå ringestafetten blir lagt til kommunen sin samla sum etter aksjonen søndag.
Om du vil lesa meir om aksjonen, eller melda deg som bøssebærar søndag, kan du sjå blimed.no eller kontakta Tove Hille på Frivilligsentralen i Os på epost thh@os-ho.kommune.no eller mobil 916 72 910.