Riggar til Tour på Osøyro
– Det lettar snart, påstår tour-leiar Eirik Thorgersen, under rigging i regnet tre timar før Tour of Norway for Kids startar.
I dag er det, for tredje gong, klart for Tour of Norway for Kids i Os sentrum.
Les òg: Tar touren til Os igjen
– Vi starta touren 9. mai. I går hadde vi ein kjempedag med 400 syklistar på rådhusplassen i Haugesund, seier prosjektleiar Eirik Thorgersen.
– Dette er arrangement nummer 47 av 50. Det følest som om vi starta i går og det er vemodig at det snart er over, synest Thorgersen, som har prosjektleiaroppgåva som fulltidsjobb, året rundt.
Sykkelklubben i Os, CK Henie, er på plass med mannskap som hjelper til med rigging.
– Med så mange arrangement er vi avhengige av hjelp frå lokale klubbar, og det er ein veldig fin gjeng frå CK Henie som hjelper til.
– Får vi litt hjelp av vêret òg, at det lettar litt, så trur eg det blir tett med syklistar her når starten går klokka 14, seier Eirik.
Rittet er gratis å delta på og har eigne klassar frå trehjulsykkel og opp til 14 år.
Alle deltakarar får premie, i tillegg blir det trekt ut ein vinnar av ein barnesykkel av merket Merida.