Retta seg sjølv
Berg og dalbanen som oppsto i løpebanen på Kuventræ etter vinteren fiksa seg sjølv.
I midten av mars skreiv Midtsiden om løpefeltet på Kuventræ som ikkje lenger var brukbart etter at det hadde fått store søkk på tvers av banen etter vinteren.
I tenesteutvalet onsdag ba Siren Tømmerbakke (Sp) om ein status for banen.
– Eg viser til Midtsiden sitt oppslag om telehiv kor det kjem fram at det er den viktigaste delen av anlegget for friidrettsgruppa og at dei har vore nøydd til å avlyse eit stemne i månadsskifte på grunn av skadene. Når seg kommunen for seg at banen er satt i stand? Har det vore eit møte med entreprenør eller leverandør? Vil dei retta det opp, undra Tømmerbakke.
Skal vera ok
Per Olav Sørås, som møtte for kommunalsjef Line Rye, fortalde at han hadde snakka med kultursjef Lisbeth Axelsen og prosjektsjef Tor Inge Døsen.
– Dei har hatt møte med utbyggar. Den telehiven som vi opplevde tidlegare i vinter har no retta seg ut og banen skal no vera heilt ok.
– Slik eg forstår det så vil dette problemet avta år om anna. Vi har likevel bedt utbyggjer om å sjå på nokre av områda, svarte Sørås.
Blir betre
Det er fuktigheit i grunnen som skal vera årsaka til telehiven.
– Forstår eg deg rett at ein må rekna med det same problemet også dei kommande vintrane, men at det vil bli mindre og mindre, undra Tømmerbakke.
– Ja, i følgje dei som har greie på det, så vil det avta noko neste år og vera heilt vekke om to-tre år. I følgje porsjektsjefen skal det no vera heilt ok.