Retta seg ikkje etter pålegg - fekk 16.000 i forelegg
– Folk må byrja å tenkja over korleis dei oppfører seg på veg til og frå fest, seier politiet, og lover å slå hardt ned på uro i Os sentrum i helgene.
I helga fekk to personar pålegg om å fjerna seg frå Os sentrum etter å ha vore involvert i bråk. Den eine hamna i bråk ein god halvtime seinare og blei køyrd til arresten, meldt for både å ikkje retta seg etter pålegg og for forulemping av offentleg tenestemann.
– Vedkomande fekk 16.000 kroner i forelegg. Ein annan som ikkje retta seg etter pålegg risikerer 8000 i forelegg, opplyser politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Det var tydeleg at julebordsesongen var i gang i Os denne helga.
– Hadde vi vore fleire på vakt ville endå fleire blitt meldt og køyrd i arresten.
Denne laurdagskvelden var det «berre» 1 av 13 i arresten i Bergen som var frå Os.
– Forstår ikkje alvoret
Hadler Olsen fortel om instruksen, å sikra ro og orden og å sørgja for at folk opplever Os sentrum som ein trygg stad.
– Det eine er korleis folk oppfører seg mot kvarandre, det andre er det å gje politiet fred til å gjera jobben sin. Dei som uroar politiet mens dei held på med ei sak, og ikkje rettar seg etter pålegg om å halda seg vekke, risikerer mange kroner i forelegg.
– Vi har sagt det før, det er gratis å oppføra seg, og vi kjem til å halda fokus på dette med åtferd i sentrum i helgene framover.