Politi | 02. feb. 2024

Rett ut for å «testa nye bøtesatsar»

Skreiv ut seks forelegg same dag som «prisen» auka.

Rett ut for å «testa nye bøtesatsar»
Fartskontrollen var i 50-sone på Hatvikvegen, retning Os. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnesfredag 02. feb. 2024 10:02

I går ettermiddag gjennomførte politiet ein trafikkkontroll på Hatvikvegen.

Det blei kanskje ei overraskande høg pris for enkelte, då satsane auka same dag.

– Resultatet vart seks forenkla forelegg, der høgaste fart blei målt til 61 km/t, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Det førte til to prikkar og eit forenkla forelegg på 5.650 kroner.

Rett før klokka 16 fekk politiet melding om fleire tre som hadde ramla over ein straumledning i Hatvikvegen.

– I går kom det òg melding om velta tre nær ferjekaien. Vi reknar med at dette har samanheng med meldinga omtalt i går, om velta tre onsdag ettermiddag, fortel Lyssand.

Ho opplyser at VTS har ansvar for saka, og følger opp.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.