Rett til topps!
Eirik Søfteland på 1. og 8. plass på ITunes si toppliste. – Det er berre gull at folk liker musikken min, seier Eirik. Sjå stor bildeserie frå Eirik sin kveld i Oslo Spektrum fredag.
Eirik Søfteland blei nummer 2 i Idol bak Siri Vølstad Jensen fredag kveld. Dermed blei det bråstopp for festen i Oseana og andre stader i Os.
– I kveld skal eg berre festa og feire med crewet og vener, fortalte Eirik til Midtsiden rett etter at TV-kameraene var slått av.
Sjå også: – Gje han ein stadion
Nummer 1 og 8
Og grunn til å feste natt til laurdag fekk Eirik verkeleg. Laurdag formiddag ligg Eirik Søfteland med "What it feels like" på topp framfor Siri på nedlastingar på ITunes. I tillegg ligg Eirik si eiga låt "Gonna go my way", som han verkeleg rocka Oslo spektrum med fredag på åttande plass.
– Det er heilt fantastisk.
– Eg er kjempenøgd med eigen innsats. Det at folk liker låtene mine er bare gull.
– No kan eg gjøra det eg vil med musikken min sidan eg blei nummer to i Idol, fortel ein litt trøtt og sliten Eirik Søfteland laurdag.
Roleg laurdag, travel sundag
Eirik Søfteland fortel at laurdagen blir relativt roleg for han sin del.
– Eg skal vel gjera eit par intervjuer, men elles skal eg slappa av og eta god mat.
– I morgon er det TV igjen med "Idol gir tilbake" for Plan klokka 21.45.
Fantastisk gøy
Strategisk nok, slapp KingCalling musikkvideoen til Shadow Thrones berre timar før Eirik kjekk på Idol-scenen. I skrivande stund er videoen vist vel 27.000 gonger på VG-TV.
– Det er fantastisk gøy.
– Det blei ein utruleg kul video, så tusen takk til Varde Film og Media.
– Tilbakemeldingane frå rockerane i produksjonen rundt Idol har vore gode. Dei meiner låta og videoen er dritfet, fortel Eirik.
Showmannen Eirik
Sjølv om Siri, tilsynelatane hadde fleire fans i salen (ut frå antal plakater blant det "vanlege publikummet) enn Eirik, så var det osingen som fekk salen i kok. På kvar av dei tre låtane løfta han Idol-showet til nye høgder og fekk publikum opp å stå og med.
– Du er ein showmann, slo Dansken fast.
Midtsiden hadde ein fotograf i salen under showet. Vil du sjå fleire av inntrykka frå felt 108, rad 1, plass 4 (berre to plassar bortanfor pausestolen til Stian Blipp, til stor stas for vår unge fotograf) kan du gå inn på vår facebook-side.