Rett på Itunes
Då Storm Weather Shanty Choir slapp plata gjekk dei rett til topps på ITunes. På veg til turné i Japan legg dei turen om Os og Oseana.
Laurdag 14. september entrar Storm Weather Shanty Choir scena i Oseana. Gruppa som består av ein gjeng langhåra guter frå Stord, har gjort stor suksess med 150 år gamle coverlåtar og høsta strålande kritikker då dei slapp plata "A drop of Nelson´s blood" i fjor haust.
– Det å gå rett til topps på Itunes er ein liten suksess. Å passera både Rihanna, Led Zeppelin og AC/DC var rimeleg spesielt for eit lite shanty kor frå Stord, smiler, grunnleggar og initiativtakar, Haakon Vatne.
Inspirert av Statsraaden
Haakon Vatne fekk inspirasjonen til å starta koret etter å ha vore på seglas med Statsraad Lehmkuhl og samla ein gjeng langhåra rockere då han kom tilbake til Stord for å synga shanties.
– Vi blei etterkvart kjent som eit fargerikt innspel i både folkemusikk- og rockemiljøet.
– Framleis er vi outsiderar, men den rolla trivst vi godt med, fortel Vatne.
Slaget på Trafalgar
Plata "A drope of Nelson´s blood" er inspirert frå slaget på Trafalgar i 1805, kor Lord Nelson sitt lik i følgje legendene blei bevart i ei tønne med rom som sjømenna så drakk av.
– Dette er den femte plata vi gav ut.
– Vi har latt oss inspirera av dei mørkere sidane av sjømannslivet med tatoveringer, horer og mørke rom.
Frå Os til Japan
Etter konserten i Oseana går turen vidare til ein relativt omfattande turné i Japan.
– Det er sjelden kost at eit shanty-kor blir invitert på turné i landet der aust.
– Vi blei oppdaga av japanske bransjefolk under Folkelarm i 2009 og blei umiddelbart invitert ned der.
– No er det duka for eit større opplegg, noko vi gler oss stor til, fortel Vatne.
Koret har òg turnert USA med sine heftige og inkluderande konsertar. Ein anmeldar i Seattle gav konserten følgjande omtale: "Storm Weather Shanty Choir is like imagine Gogol Bordello singing shanties".