Sport | 30. juni 2018

Rekordtreige ender

Lite vatn i elva og flo gjorde at årets andeslepp til si tid.

Rekordtreige ender
Berre 0,6 kubikk vannføring og flo gjorde at det gjekk seint med endene i år (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelaurdag 30. juni 2018 15:07

Bildeserie:

For å gje endene litt ekstra fart blei dei slept i stryket ovanfor gamlebrua (foto: AH)
For å gje endene litt ekstra fart blei dei slept i stryket ovanfor gamlebrua (foto: AH)
Langs heile løypa sto folk og såg på (foto: AH)
Langs heile løypa sto folk og såg på (foto: AH)
Endene i samla flokk rett etter start (foto: AH)
Endene i samla flokk rett etter start (foto: AH)
Herrelagsspelar Even hadde i oppgåve å hjelpe dei som satt seg fast undervegs (foto: AH)
Herrelagsspelar Even hadde i oppgåve å hjelpe dei som satt seg fast undervegs (foto: AH)
Ein god del folk hadde samla seg ved mål på handicapbrygga (foto: AH)
Ein god del folk hadde samla seg ved mål på handicapbrygga (foto: AH)
1 av 5

For femte året på rad arrangerte Os Håndball andeslepp i Oselva i samband med Osdagane.

– Dette er den største og viktigaste enkeltdugnaden vi har i løpet av året. Den er finansierer aleine seriepåmeldinga til alla laga våre, fortalde Tore Hisdal.

Nøyaktig kor mange ender som blei slept hadde han ikkje tal på rett før start.

– Det var 1431 då vi telte opp fredag kveld, men det har blitt seld mange lodd i løpet av dagen i dag, så eg reknar med at vi er på rundt 1500 ender som stilte til start.

Tradisjonen tru stilte Tore Kleppe opp som speaker også i år. Der han i fjor måtte gjera seg ferdig i løpet av vel to minutt, så var løypeforholda slik at Kleppe måtte halde det gåande i vel ti minutt før han kunne kåra vinnaren i år.

– Det blei ikkje løyperekord i år, trass i at fleire av endene har vore på høgdetrening i Vinddalsvatnet, annonserte Kleppe.

Desse vann:

1. premie: Frida Mathisen

2. premie: Arne Martin Mjånes

3. premie: Bjørnar Engelsen

4. premie: Lisbeth Hjelle Døsen

5. premie: Ronny Torgersen

6. premie: Mariann Lyssand

7. premie: Helene Steffensen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.