Rekordstort bål?
Det er nok ein gong klart for stor feiring sankhansaftan i Mobergsvikjo og Oseana.
Etter opninga av Oseana i 2011 har det blitt ekstra folksamt i Vikjo sankthansaftan, med både grilling og underhaldning.
Manglar ikkje paller
Den nye direktøren for Oseana, Ole Tobias Lindeberg, gler seg stort til feiringa.
- Vi har fått levert paller frå XL- Bygg, og som de kan sjå så mangler vi ikkje plank til bålet, smiler han, og viser den enorme haugen av paller.
- Eg trur nok ikkje vi får brukt alt, vi får sjå korleis det blir på søndag.
Leikar og underhaldning
Det er Os Turn, nærmare bestemt den nye cheerleadinggruppa deira, som har tatt oppdraget med å laga leikar til kvelden.
I tillegg vil det bli underhaldning med Dursamskipnaden og Spelemannslaget.
Lindeberg håper mange kjem innom på søndag, og om vêret blir dårleg så er han ikkje uroa.
- Det finst ikkje dårleg vêr på Oseana, smiler han.
Både Yr og Storm melder litt nedbør søndag, men begge spår at det skal letta til kvelden.