Rekordstor tropp på landslagssamling
Os Karateklubb hadde i helga heile sju utøvarar på samling med legendariske Wayne Otto.
I helga sendte Os Karateklubb ein rekordstor tropp til landslagssamlinga i karate på toppidrettsenteret i Oslo.
OL i 2020 skal arrangerast i Tokyo, og det er stor sjanse for at karate blir OL-grein for første gong. Samlinga i helga var open, og det var 120 gutar og jenter frå 20 klubbar var med.
- Os Karateklubb har større aktivitet enn nokon gong. Det store målet i år er EM i wado-karate i Amsterdam til hausten, men vi kjem nok til å stilla ein rekordstor tropp i NM i mars, seier hovudinstruktør Cato Bruarøy.
Sjå video og bildeserie frå då Os arrangerte lag-NM i Oshallen i november.
– I tillegg til dei sju som var på landslagssamlinga i helga, blir det fleire unge debutantar, i tillegg til erfarne Erlend Slettevold. Erlend studerer psykologi i London, men kjem til å konkurrere når han har tid.
Comeback og debutantar
Frå Os stilte ei rekkje utøvarar som har NM-gull og internasjonal erfaring. Åsmund Slettevold (tidlegare rangert som nr. 4 i verda) var tilbake, saman med regjerande noregsmeister i tungvektsklassen Henrik Reed-Larsen og Amanda Njøten, som òg er senior noregsmeister.
Dei unge talenta Armin Palislamovic (16) og Tiril S. Haaland (16), begge med NM-gull frå før, var på landslagssamling for første gang. Også Armin sin storebror, Aner, som vann NM for to år sidan, var med.
Sterke Mons Daniel Haugland har gjort det skarpt internasjonalt og vore på landslagstreningar tidlegare, og vil no satsa igjen.
- Det er veldig kjekt at Åsmund og Mons Daniel satsar igjen. Det er eit par år sidan dei to supertalenta konkurrerte. Begge studerer ved Universitetet i Bergen og har kort veg til trening på Os.
Coach frå Guinnes Rekordbok
Dei 120 deltakarane på landslagssamlinga fekk instruksjon av hovudcoach for landslaget, britiske dr Wayne Otto.
Otto har blitt heidra av dronninga i England og er lista i Guinnes Rekordbok som mestvinnande karateutøvar nokosinne.
Han har blant anna vunne ni VM-gull og har vore tilsett som landslagssjef for Noreg sidan 2012.
Os-dommarar på nasjonalt nivå
Samir Palislamovic og Cato Bruarøy var med som lagleiarar.
Tor Andre Aspenes tok ny dommareksamen same helga. Tor Andre og Vidar Mjånes er dei to føste dommarane frå Os som satsar på nasjonalt nivå.
- Samlinga i Oslo var svært god. Landslagsleiinga tok godt imot oss, og utøvarane våre møtte gamle venar som òg deltok, seier Bruarøy.