Rekordpåmelding i amatørklassen - jaktar damer og bedrifter
Sånn er status i gatecupen dagen før fristen går ut.
Førstkommande laurdag er det tid for årets gatecup for vaksne på Kuventræ.
Marius Haugland Mikkelsen og Torkel Hjertnes frå Os fotball fortel om rekordpåmelding i klassen «herrar amatør», medan dei håpar på endå fleire påmeldingar i dei andre klassane.
– Til no er det påmeldt flest lag i herrar amatør, men vi ønskjer fleire lag i alle klassar, seier Mikkelsen.
I dameklassen er det foreløpig påmeldt to, men arrangørane kjenner til at eit par jentegjengar jobbar med å samla troppen, og reknar med det kjem minst to lag til.
– Elles ligg vi greit an i bedrift og herrar elite òg, men dess fleire dess kjekkare, både for oss og spelarane.
Sjå førebels påmelding i ulike klassar under:
- Herrar amatør: 16 lag
- Bedrift(Mix): 5 lag
- Elite: 4 lag
- Damelag: 2
I fjor var det rekord med 13 påmeldte i herrar amatør, 7 fleire enn 2022.
Når vi spør Mikkelsen om han kan røpa noko om spelarlista, fortel han at han framleis venter på dei fleste listene (som lagleiarane har frist i morgon på å senda inn).
Den tidlegare Os-kapteinen har likevel nokon overraskingar på lur.
Deltar: Lassen, Haga og Wathne
Marius kan fortella at Simen Lassen, som har 125 kampar i OBOS-ligaen, og Magnus Spangelo Haga, som er fast inventar på Brann 2, stiller med kvar sine lag i herrar elite.
Tittelforsvararane i herrar-amatør, laget «Den Lause Kanon», har signert ny spelar til årets gatecup.
– Davy Wathne er ute og kjøper fotballsko as we speak, fortel Mikkelsen, og legg til at han sjølvsagt skal spela på lag med Sleivkast-kompanjongen Lars Bakkerud.
Mens Lars har lang fartstid for Brann sitt A-lag, har Davy, på beskjedent vis i Sleivkast, skildra sine eigne ferdigheiter frå tida før han blei fotballdommar.
Samanlikningane med Kniksen er ikkje få.
– Han ønskte i utgangspunktet å spela i eliteklassen når han først gjer comeback, men har slått seg til ro med å delta i amatør, fortel Marius.
Wathne fortel til Midtsiden at han i fjor stilte som dommar, men blei avskilta midt i sluttspelet, med berre tre kampar igjen å dømma.
– Når eg ikkje var god nok dommar i fjor, så kan eg heller ikkje dømma i år. Derfor har eg bestemt meg for å spela, seier Wathne.
Usemje i lagleiinga
Det kan sjå ut som det er usemje i lagleiinga kva effekt Davy vil gi vinnarlaget frå i fjor.
– Vi har jo toppa laget med denne signeringa, seier Marius om sin 74 år gamle lagkamerat.
Endre Brenne vippar motsett veg.
– Eg vil heller kalla det eit utjamningstiltak. No blir det meir ope kven som vinn, seier Brenne.
I tillegg til Endre, Marius, Lars og Davy har «Den lause kanon» spelarar som Zsolt Korscmar, Ørjan Håland og Hallvard Enes. Manager Ingar Endresen har halde på jobben.
(Underteikna skal sjølv spela MidtsidenCup, men ikkje mot Davy)