Lokal | 26. mai 2019

Rekordmange 120 stilte på kurs med Røde Kors

Berre éin krins hadde for få påmeldte då Os Røde Kors reiste rundt med gratis kurs i livredding.

Rekordmange 120 stilte på kurs med Røde Kors
Frå Os Røde Kors sitt kurs med tilsette ved Os ungdomsskule i fjor. (Foto: KOG)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 26. mai 2019 21:47

I slutten av april fortalte Os Røde Kors om årets turné med gratis kurs i livreddande førstehjelp.

No er kursa gjennomførte, og det blei ny deltakarrekord i år.

– Vi hadde i alt 120 deltakarar, 15 fleire enn i fjor, fortel Kristian Strønen frå Os Røde Kors.

Kvinnene tar ansvar

Førstehjelpskampanjen 30:2 nådde ut til 6 krinsar, i tillegg til på Røde Kors-huset i Kolskogheiane.

– I Lyseklofjorden var det berre tre påmeldte, så der blei det dessverre ikkje kurs, dei andre stadane hadde vi godt oppmøte.

– Det viser seg fortsatt at kvinnene er i fleirtal, i alt 90 av 120, altså 75 prosent av årets deltakarar, er kvinner.

Søfteland 19 (14 kvinner og 5 menn)
Søre Øyane 14 (12 kvinner og 2 menn)
Nore Neset 17 (11 kvinner og 6 menn)
Hegglandsdalen 12 (8 kvinner og 4 menn)
Søre Neset 16 (15 kvinner og 1 mann)
Strøno 20 (14 kvinner og 6 menn)
Huset 22 (16 kvinner og 6 menn)
Sum 120 (90 kvinner og 30 menn)

– Vi håper at deltakaren var nøgde med opplæringa, og vi ønskjer å takka ungdomslag, idrettslag og stiftinga Nore Neset Aktivitetshus som stilte lokala sine til disposisjon, seier Strønen på vegne av Os Røde Kors.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.