Sjå video og stor bildeserie av hovudprosesjonen i Os sentrum, som i år gjekk via Finnebrekka etter gamalt.
Andris Hamretysdag 17. mai 2016 12:23
Bildeserie:
1 av 40
I år var 17. maitoget tilbake i gamal rute via Finnebrekka til Lurane og ned igjen til Osøyro over brua.
– Vi fekk trøbbel opp til sjukeheimen. Toget var så langt at det kom ikkje over Hatvikvegen før flaggborgen var nede igjen til Haugsneset.
– Eg hadde ikkje trudd at toget kunne bli så langt. Eg var sikker på at vi hadde nok meter veg, men jaggu finta osingane meg med eit rekordstort oppmøte. Råkt ut eit luksusproblem, seier Kjetil Osablod Grønvigh i 17. maikomiteen og kultureininga i kommunen.
I staden for å køyra bilane ned til Irisgården let ein dei difor bli ståande i Finnebrekka å ventatil enden av toget kom ned att til Hatvikvegen.
Ein amcar og ein russebil fekk teknisk trøbbel, utan at dette var til hinder for andre.