Kultur | 05. des. 2013

Rekordhaust på kinoen

Solan, Ludvig og Hobbiten avsluttar ein rekordhaust med over 3000 tilskodarar på Bygdekinoen.

Rekordhaust på kinoen
Hobbiten: Smaugs ødemark og Solan og Ludvig - Jul i Flåklypa avsluttar kinohausten på Oseana (Pressebileter: Hobbiten: SF Norge, Jul i Blåfjell: Maipo Film / Nordisk Film Distribusjon AS)
Andris Hamretorsdag 05. des. 2013 08:52

For tredje gong på rad blir Solan og Ludvig - Jul i Flåklypa sett opp på bygdekinoen sundag 15. desember.

– Det har tatt heilt av.

– To fulle hus, og no er billettsalet i gang til tredje framsyninga av Jul i Flåklypa, strålar "kinosjef" Janne Mari Hjelle.

Del to av Hobbiten

I tillegg til Jul i Flåklypa avsluttast haustsesongen med den andre delen i Hobbiten-triologien: Smaugs ødemark.

– Eg reknar med at også den vil trekkje mykje folk.

– Kanskje litt eldre ungdommar enn det Jul i Flåklypa gjer, smiler Hjelle.

I Smaugs ødemark held hobbiten Bilbo Lommelun sitt store eventyr fra. Saman med trollmannen Gandalv den Grå og tretten dvergar leia av dvergeprinsen Thorin Eikenskjold held dei fram det farlige oppdraget med å gjenerobre Ensomfjellet og det legendariske dvergekongeriket Erebor.

Rekordhaust

Hjelle fortel at dei har opplevd ein rekordhaust på bygdekinoen i Oseana.

– Vi er allereie nær 3000 selde billettar. I tillegg har vi desse to publikumsdragarane igjen.

– Vi kjem til å overgå tala frå i fjor med god margin, seier Hjelle.

I fjor haust selde dei 2400 billettar på bygdekinoen.

– Hausten er betre enn våren på kinoen. Når vi i tillegg har hatt filmar som Smurfane, Turbo, Fly og no sist Jul i Flåklypa så blir det gode tal.

– Også filmen i haustferien var bra. "Grusomme meg" trakk 141 tilskodarar, noko som må vera bra ein måndagførmiddag.

Rett på etter jul

Allereie første helga etter jul er det duka for ny kinosundag.

– Vi har ikkje eingong opna huset før vi sett igong med bygdekinoen.

– 5. januar er det Frost som kjem som barnefilm. Vi opnar dørene allereie klokka 15 og sel billettar i døra.

– Kva vaksenfilm det blir er ikkje satt opp enno, men det er berre å følgje med å heimesida, så publiserar vi det så fort det er klart, avsluttar Janne Mari Hjelle.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.