Rekorddeltaking i LÅMØ
Fem svømmarar frå Os svømmeklubb er kvalifisert til landsdelsmønstring i helga.
Landsdels årsklassemønstring (LÅMØ) er stemna der dei beste svømmarane i aldern 11 til 16 år set kvarandre i stemne. LÅMØ blir arrangert til helga i regionane nord, midt, aust, vest og sør.
I vest, som samlar svømmarar frå Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane blir stemnet arrangert i ADO Arena.
– I år har vi fem kvalifiserte deltakarar. Dette er rekord i Os svømmeklubb si ti årige historie, fortel trenar Thomas Harlem.
Dei kvalifiserte er Nora Hanken (2007), Sindre Haarstad (2006), Sondre Førde Valle (2006), Emil Austevoll Harlem (2005) og Janne Holm (2004).
– I tillegg var Emma Skarstein Kjetland (2004) og Even Haarstad (2004) svært nære på å kvalifisera seg. Dei er reserver, så om det blir sjukdom eller anna forfall kan desse også få plass på stemnet. Det veit vi først på fredag.
Hard konkurranse
For å kvalifisera seg til LÅMØ må svømmarane svømme og få gjeldande tid på fem bestemte øvingar. For dei i 2007 er dette 400 fri, 50 butterfly, 100 rygg, 100 bryst og 200 medley. For dei fødd i 2006 er øvelsane 400 fri, 100 butterfly, 200 bryst, 200 rygg og 200 medley.
– Frå 13-årsklassa og oppover må ein i tillegg til å ha svømd dei fem øvelsane vera blant dei 24 beste samanlagt for å få lov til å delta, forklarar Harlem.
Rangeringa reknast ut med bakgrunn i den poengsummen som kvar øvelse gir. Poengsummen reknast ut frå gjeldande verdsrekord.
– Når det gjeld ragnering inn til stemnet, så er det Emil Austevoll Harlem som ligg best an. Han er rangert som nummer tre på 400 fri, nummer éin på 100 butterfly, nummer to på 200 bryst og 200 medley og nummer tre på 200 rygg. Det gjer at han er rangert som nummer éin samanlagt i si klasse, men konkurransen er svært hard, understrekar trenaren.
Gode opplevingar og meistring
Harlem fortel at svømmarane er godt førebudd og klare til meisterskap, men understreker at det ikkje er resultata som er det viktigaste.
– Dei har førebudd seg svært godt fram mot stemnet, så det skal bli spennande å følgje dei. Men det viktigaste er ikkje tider og plasseringar, men at dei får gode opplevingar og opplever meistring, avslutter Harlem.
Stemnet startar torsdag med innsvømming, før konkurransane går føre seg fredag, laurdag og søndag.