Rekord: Lanserer fire nye båtar i år
Alle Askeladden sine nye båtar får snikpremiere på båtmessa på Sotra i morgon - to av dei med nyutvikla twinstep-skrog.
Den første av fire nye 2017-modellar av Askeladden blei lansert på haustmessa Båter i Sjøen i Oslo i september, Askeladden C65 Bow Rider, med ei unik toalettløysing til å vera bowrider.
To nye båtar har verdspremiere i Gøteborg fredag, mens den fjerde av dei nye skal lanserast i Oslo i mars.
– Dette er ny rekord, aldri før har vi lansert fire nye modellar til éin sesong.
– Alle fire båtane blir viste på Sotra frå i morgon, fortel hovudaksjonær i Askeladden Boats AS, Henrik Askvik.
• Les òg: Eigarskifte hos Askeladden
– Messa på Sotra, Dra til Sjøs i Straume Arena, står ikkje lista blant dei internasjonale messene, derfor står dei andre oppført som offisiell verdspremie, forklarer han.
Askvik skal sjølv på messa på Sotra opningsdagen, før turen går til Gøteborg-messa fredag, tilbake til Sotra laurdag og søndag, så til Gøteborg igjen tysdag, og vidare til Finland neste helg.
– Det kjem til å gå i eitt fram til påske, seier Askeladden-sjefen.
Dette er dei fire nye modellane, med lenke til tidlegare omtale av to av dei: Askeladden C65 Bow Rider, C65 Center Console, C76 Cruiser TSI og C76 Center Cabin TSI.
I samarbeid med Arnestad om nytt stepp-skrog
Dei to nye C76-båtane er i same storleik som suksessen C75, med med fleire nyvinningar, derfor nytt modellnamn. Det kjem vi tilbake til.
Den største forskjellen på 75 og 76 er TSI, Twin Step Infusion Hull Technology av Geir Arnestad Design.
– Vi har innleia samarbeid med den kjente norske «naval architect» Geir Arnestad om utviklinga av den nye C76 TSI-skrogplattforma. Arnestad er av dei mest erfarne steppteknologi-designarane i Norge og Europa, seier Askvik.
C75-serien fekk ros for skroget sitt, men C76 er endå kvassare.
Fordelane med TSI-teknologien blir ramsa opp på denne måten:
• Redusert vekt med ca 120 kg
• Meir stiv og betre komfort
• Lågare planingsterskel
• Vesentleg betre svingeigenskapar
• Auka toppfart med opptil 10 %
• Redusert forbruk opptil 26 % (same forbruk i 40 knop med TSI som i 30 knop med konvensjonelt skrog)
Betre badeplattform
Askeladden C76 Cruiser TSI er ei vidareutvikling av C75 Cruiser, men det er ikkje berre skroget som er endra.
Førarplassen skal ifølgje produsenten ha blitt meir ergonomisk, det er ny black box på akterdekk og ankervinsjen er optimalisert for nordiske forhold.
Badeplattforma er òg ny, og skal ha blitt meir funksjonell.
C76 Cruiser TSI har stor uteplass med sitjeplass til heile 7 personar. Uteplassen har L-sofa, bord og sete som kan vendast for å danna gode spisegrupper.
Båten har pantry med vask og kokestad, lukka forkabin med toalett og plass til overnatting.
Om vêret blir dårleg ligg ein høgreist kalesje skjult i eigen «brønn».
Tekniske data, C65:
Designkategori: C
Lengde: 6,45 m
Bredde: 2,46 m
Vekt uten motor: Ca. 1.400 kg
Drivstofftank: 230 liter
Motor: Outboard 150 - 300 HK
Fartspotensial; Opp mot 50 knop med største motor
Tekniske data, C76:
Designkategori: C
Lengde: 7,45 m
Bredde: 2,55 m
Vekt uten motor: Ca. 1.550 kg
Drivstofftank: 230 liter
Motor: Outboard 150 - 300 HK
Fartspotensial; 47 knop med største motor