Reiste ut - og kom «heim»
Hanne Flaskerud byrja på vidaregåande i by'n. Martha Moberg Rosland tok eit skuleår i USA. Begge kom heim att til gymnaset.
Hanne går første året på gymnaset, men har berre vore nokre veker på Os.
– Eg byrja på Amalie Skram i haust. Men det var nok feil for meg. Det er ein veldig stor skule, og for å få det til å gå opp med klasserom og timeplanar var det veldig varierande når eg byrja om morgonen og kva tid eg var ferdig om ettermiddagen. I tillegg kjem reisevegen. Det merkast godt når ein plutseleg har to timar mindre fritid kvar dag.
– Og det er veldig kjekt å vera med klassekameratane sine på fritida. Det vart ikkje så mykje av på Amalie Skram, legg ho til.
Mindre press
Amalie Skram er ein monaleg større skule enn Os Gymnas og ungdomsskulen Hanne kjem frå.
– Det er ein stor skule, med mange elevar, mange lærarar og mykje å forhalda seg til. Her på Os kjenner lærarane elevane litt, og veit litt korleis dei forskjellige lærer best. På Amalie Skram er det høgt snitt og større press på å få gode resultat. Ein blir for all del oppmuntra til å gjera det bra her òg, men eg opplever at presset er mindre.
Ein elev som slutta på gymnaset til jul gav Hanne den opninga ho trengte for å flytta over til Os.
Angrar ikkje
– Eg trivast veldig godt her. Det er eit lett miljø og koma inn i, og eg kjenner mange frå før frå ungdomsskulen. Det er veldig godt miljø, og kjekke elevar og lærarar. Eg angrar ikkje på at eg søkte meg tilbake til Os. Eg kjem herifrå, så då er nok overgangen til ein skule her lettare enn å reisa til by'n.
– Det kjennest som ein står litt friare her. Ein har mindre press, og meir ansvar for eiga læring. Det tykkjer eg er bra.
Oppleving for livet
Etter første året på Os gymnas lokka den store verda, og Martha valde å ta 2. klasse i USA. Fordi ho fekk godkjent skuleåret i USA slapp ho å ta andreklasse på nytt her, og byrja rett i klasse med sine gamle klassekameratar.
– I USA gjekk eg på ein stor skule med 1500 elevar. Skulen var stor og det vart veldig mange gjengar og «klikkete» miljø. Det er nesten slik som ein ser på film, faktisk.
– Det var eit heilt anna press i forhold til klede og sminke, heilt annleis enn ein liten skule i Noreg, her kan ein vera seg sjølv, seier ho.
Integrerte fritidsaktivitetar
Sjølv om storleiken på skulen bidrog til eit hav av valmoglegheiter fagleg, saknar ho ikkje overfloda.
– Vi har færre valmoglegheiter her, men vi får alt vi treng! Eg nytta på og tok fag som psykologi og grafisk design der borte, det er kjekt å ha prøvd.
– Der borte var fritidsaktivitetane rett etter skulen og i regi av den. Det er eit heilt anna miljø rundt skulen. Og alle var med på noko. Der var også ei rekkje klubbar knytt til skulen, alt frå debattklubbar til sjakk, i tillegg til idrettsaktivitetar som amerikansk og vanleg fotball. Alle desse aktivitetane knytt til skulen gjorde det lett å få vener.
Tilrettelegging
Det har ikkje vore heilt smertefritt å koma heim og byrja på gymnaset igjen, men gymnaset får skryt.
– Dei har vore veldig flinke å leggje tilrette og tilpassa slik at eg har kome inn i alt igjen. Det er ikkje berre lett å koma frå USA med forholdsvis «lett» matte og kome heim til tredjeklasse og eit høgare nivå.
Alt i alt er begge jente godt nøgde med å koma «heim» til gymnaset.
– Eg trivst godt med å koma tilbake til ein mindre skule. Det vert noko heilt anna med eit lite og oversiktleg miljø som her på Os. Her kjenner vi mange frå før, også på tvers av alderstrinna, og dei som kjem til utanfrå vert godt tekne imot.
– Her er det godt å vera elev, er konklusjonen frå dei to jentene.