Lokal | 21. des. 2016

Reiser til Oslo for å pakka

Laila Reiertsen er stolt over Terje Søviknes, men reiser motsett veg som partikollegaen.

Reiser til Oslo for å pakka
Laila Reiertsen er ferdig med si andre periode på stortinget (privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 21. des. 2016 07:26

I går fekk Terje Søviknes jobb i regjeringa, i dag reiser partikollega Laila Reiertsen til Oslo for å rydda ut av kontoret sitt på Stortinget.

– Eg synest Terje var veldig flink i går og eg fekk sjølv mange fine meldingar frå folk som er glade for at han er ny olje- og energiminister. Meldingane kom både frå partifeller, politikarar frå andre parti og frå folk i oljebransjen, fortel Laila Reiertsen til Midtsiden.

– Mange ser på Terje som ein dyktig politikar. Det at han kjem frå Vestlandet og er engasjert i næringslivspolitikk trur eg med på å gjera at folk ventar mykje av han.

Ferdig på Stortinget

Men det var ikkje berre statsrådar som blei skifta ut i går, fleire statssekretærar har fått avskil i nåde. Blant dei er Gjermund Hagesæter, som Laila har sete som vikar for i litt over eit år.

Det betyr at Laila mista jobben i går, som fraksjonsleiar i familie- og kulturkomiteen, og no kjem heim igjen til Os.

– Eg synest det er litt trist å måtta gje seg etter berre eit år. Eg har fleire saker eg heldt på med, som eg no må sleppa tak i, men sånn er livet i politikken.

– Onsdag reiser eg til Oslo for å rydda ut av kontoret, over nyttår skal eg henta tinga mine i leilegheita.

Fleire oppgåver ventar i Os

Mens ho ha sete på tinget har Reiertsen vore fast medlem av kommunestyret og formannskapet, og vore leiar av personalutvalet.

– No kan eg yta meir i lokalpolitikken.

Då ho sommaren 2015 gjorde comeback på stortinget fekk Reiertsen permisjon frå stillinga ved Ravneberghaugen Rehabiliteringssenter.

– Eg snakka med dei tysdag ettermiddag, og det er utruleg kjekt å føla seg både sakna og velkomen tilbake.

– Det kan òg bli nye verv i lokalpolitikken, er du den nye varaordføraren vår?

– Det er ein sjanse for det, men det er ikkje avgjort. Vi skal ha val i gruppa vår og så skal dette opp i ekstraordinært kommunestyre 12. januar.

Endå eit comeback på stortinget kan det bli til hausten, då Laila står på 4. plass på lista til Hordaland Frp.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.