Reiser seg på Nore Neset
Bildeserie: Den nye ungdomsskulen på Nore Neset er i ferd med å reise seg. Naturstien til Liafjellet gjenopna.
Fredag 19. oktober tok ordførar Terje Søviknes (Frp) det første symbolske spadetaket på Nore Neset Ungdomsskule. No vel fire og ein halv månad er betongarbeida i ferd med å sluttførast og ein kan byrja å sjå konturen av den nye skulebygningen.
– Vi er så godt som ferdig med betongarbeida i kjellaren.
– Fundamenteringa av nordfløyen er òg nesten ferdig og vi har starta på sørfløyen, fortel Jan Kyrre Myhre, prosjektleiar i entreprenørselskapet Hent som har totalentreprisa på den nye ungdomsskulen.
Sjølv om det har vore ein kald vinter, har ikkje kulda gjeve særleg utfordringar for entreprenørane.
– Litt problem med ei pumpe som fraus hadde vi, men feilen blei raskt retta og vi fekk pumpa ut vatn frå byggjegropa.
Synleg i veke 19
Om ein går turstien mot Liafjellet og held seg på utsida av gjerda, så er det ikkje så mykje av det ferdige arbeidet ein ser.
- Nei, førebels er det det som blir på og under bakkenivå som ein ser.
– Om alt går som planlagt vil stålkonstruksjonane som skal bera bygget vera på plass i løpet av veke 19 (andre veka i mai, journ.mrk).
– Då vil turgjengarar og andre få eit betre inntrykk av korleis skulen blir, forklarar Myhre.
Utfordrande tak
Det er første høgda som vil vera på plass i veke 19, dei to etasjane inkludert tak-konstruksjonane og noko av fasaden reknar han med er på plass til sommarferien.
Arkitektane har leika seg med teiknebrettet og gjeve entreprenørane utfordringar med tak i forskjellige vinklar og buar.
– Det er eit ganske komplisert bygg, og taket gav ei utfordring for dei som gjer berekningane hjå oss, men det er berre morro.
– Vi har kontroll no, og litt utfordringar må ein jo ha. Det blir kjedelig å berre bygga A-4, seier Myhre med eit smil.
Meir enn venta
Sjølv om det var gjort undersøkingar av grunnen før entreprenørane tok til, har det blitt nokre overraskingar under vegs.
– Det er slik som skjer, så så store overraskingar var det vel ikkje.
– Grunnentreprenørane har måtte sprenga vekk meir fjell enn vi hadde venta, seier Myhre og peikar på dei store steinhaugane som ligg i utkant av byggjeområdet.
– Samstundes har det vore nokre hole som var større og djupare enn vi var klar over, så vi får nok brukt for massane, forklarar prosjektleiaren.
Frå heile landet
Det er Trondheimsbaserte Hent AS som byggjer den nye ungdomsskulen. Prosjektleiar Myhre, som sjølv er frå Vesterålen, fortel at arbeidarene kjem frå heile landet.
– Dei fleste av oss er vekependlarar frå mest heile landet.
– Nett no er det omlag 15 arbeidarar på anlegget, når vi kjem i gang med stålarbeida blir vi enno fleire, avsluttar Jan Kyrre Myhre.
Nore Neset Ungdomsskule skal stå ferdig i mars 2014 og takast i bruk frå skulestart om hausten.