Reise seg, nesten
Os hamna under 0-3 til pause mot Fyllingsdalen 2. I andre omgangen reiste Osgutane seg og reduserte to gonger, men det holdt ikkje inn.
I regnvêret på Kuventræ tok Os imot Fyllingsdalen 2 i den 15. serierunda. Kampen byrja relativt jamnspelt. Spelet bølga fram og tilbake den første halvtimen med eit par tre gode sjansar til båe laga.
Etter 34 minutt blir ein Fyllingsdalen-spelar felt innan for seksten meteren og dommar Cato Systad peiker på straffemerket. Anders Kloven i Osmålet er sjanselaus og gjestane frå Fyllingsdalen går opp i leiinga.
Dette verker som ei vitamininnsprøyting på gjestane og det siste kvarteret køyrer dei over heimelaget og legg på til 0-2 og 0-3. Båe skåringane kom etter kontringar.
– Vi heng ikkje saman i 1. omgangen.
– Før kampen snakka vi mykje om å halde ein stram struktur i laget, men dette sviktar heilt i første omgangen, analyserar trenar Tore Nielsen.
Stian på midten
Nielsen nytta tydelegvis pausa til ein alvorsprat med spelarane og fekk stramma opp strukturen.
– Vi gjer og eit skifte med å setje Stian Lunde på midtbanen for å få meir duell styrke og dra Mats Lepsøe ned som midtforsvarer.
– Eg tykkjer dette trekket fungerte i dag.
Reiste seg
Med kapteinen på midten hang lagdelane betre saman og etter eit snaut kvarter av omgangen kjem Roar Vestbø gjennom på kanten. Foran mål finn han Erik Kanestrøm, som spelte sin siste kamp i den gule ostrøya. Kanestrøm gjer ingen feil og set ballen i mål.
No er det Os som har fått ei vitamininnsprøyting. Med "alle mann i angrep" går det berre 12 minutt før Christer Olsen får ballen over mållina og reduserer til 2-3 etter litt klabb og babb framfor Fyllingsdalen sitt mål.
– VI reiser oss i 2. omgangen.
– I tillegg til måla har jo både Egil Thuen og Børge Borgen store sjansar, men det ville seg ikkje i dag.
– Skal ein vera ærleg så var vel Fyllingdalen hakket betre enn oss i dag om ein ser kampen under eitt, avsluttar Tore Nielsen.
Os sitt lag: Anders Ersvær Kloven, Børge Borgen, Stian Lunde, Stian Bakke, Tor Erik K Berge, Erik Kanestrøm, Mats Lepsøe, Preben Borgen, Ørjan Glesnes, Christer Bergesen Olsen, Roar Vestbø. Innbyttarar med speletid: Egil Thuen, Henrik Nåmdal Dahle, Sander Kvittingen.