Brann og beredskap | 06. mai 2024

Redningsaksjon i Øyane

OPPDATERT: aksjonen er avslutta.

Redningsaksjon i Øyane
Politi og brannvesen på plass ved Gjelevika. Brattholmen i bakgrunnen. (Foto: tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 06. mai 2024 15:53

OPPDATERT kl 18.22: Politiet er no i kontakt med nokre ungdomar som har vore ute og fiska i ein liten båt.

– Dei stadfestar at det truleg er dei som har blitt observerte, seier Helge Blindheim, operajsonsleiar i Vest politidistrikt.

Aksjonen er avslutta.

Midtsiden fekk klokka 17.36 tips om ambulansebåt, luftambulanse og politi i aksjon på Kjerringahavet, sundet mellom Bruarøya og Lepsøya.

Etterkvart kom òg ein mob-båt frå Kystvakten og redningsdykkarar frå Bjørnafjorden brann og redning til staden.

Både luftambulanse og ein los-båt er blant dei som søker i området. (Foto: tips@midtsiden.no)
Både luftambulanse og ein los-båt er blant dei som søker i området. (Foto: tips@midtsiden.no)

– Vi fekk melding klokka 16.58 om ein mogleg kantra båt nær Brattholmen, og at tre personar sto på kjølen til båten, fortel Jan Øyvind Rekeland, vakthavande redningsoperatør på Hovedredningssentralen.

– Det er fleire einingar ute og søker i området. Det er foreløpig ikkje gjort funn, sa han til klokka 17.50.

Politiet oppdaterte klokka 17.54 at dei var interesserte i tips.

Klokka 18.22 ser det ut som om det likevel ikkje har vore ei ulykke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.