Lokal | 23. mars 2013

Redning på fjell og fjord

Brannvesenet har laurdag rykt ut på melding om skadd kvinne på Liafjellet og velta kajakk ved Raudholmane.

Redning på fjell og fjord
Luftambulansen sveipa i dag over Raudholmane for å hjelpa brannvesenet i Os med søk etter forlist kajakkpadlar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 23. mars 2013 20:06

Laurdag klokk 14.45 fekk brannvesenet i Os melding om skadd kvinne på Liafjellet.

– Vi bisto ambulansepersonell med å henta ned ei kvinne som hadde ramla på isen, fortel varabrannsjef Arne Monsen.

Kvinna, som er i 30-åra, hadde skadd ankelen sin, og blei henta ned med ATV.

Velta kajakk?

Klokka 18.05 fekk brannvesenet, via politiet, melding om ein eller fleire velta kajakkar ved Raudholmane, rett utanfor Os sentrum og Kuvågen.

– Vi rykte ut med gummibåten vår frå Os sentrum og med Unik-båten frå Halhjem.

Redningsdykkarar sat klare til å gå i sjøen og luftambulanse blei rekvirert for å sveipa over området.

– Men vi fann ikkje teikn til kajakkpadlarar og har seinare fått informasjon om ein båt som slepte noko som kan ha likna ein kajakk, vekk frå staden, seier Monsen.

Redningsaksjonen blei avblåst.

OPPDATERT:

– Kanskje det var noko anna dei såg. Eg tok fram kikkerten då eg trudde eg såg kajakkar ved Raudholmane i dag, men det var noko anna, såg ut som kvalar, fortel ein innringar frå Os Sjøfront etter å ha lese om redninga.

– Det kom nokre store dyr symjande på innsida av Raudholmane på veg inn fjorden, som snudde og gjekk på utsida av holmane etterpå, fortel ho.

Det stemmer greit med denne videoen som blei tatt av spekkhoggarar laurdag ettermiddag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.