Reddar Strøno
Frp og H har bestemt seg: 5.-7. klasse på Strøno barneskule skal ikkje flyttast til Nore Neset.
Då rådmannen presenterte sitt framlegg til budsjett for 2015 ville han framleis flytta dei eldste elevane ved Strøno barneskule til Nore Neset barneskule. Ei flytting som ville gje ei innsparing på 614 000 kroner i 2015 og 1 351 000 kroner i 2016.
– I dag er vi i ein anna økonomisk situasjon enn då vi hadde dei tøffe diskuasjonane i samband med budsjettet for 2014.
– Takka vera stram økonomisk styring, og ei regjering som har gitt oss handlingsrom så er situasjonen endra og det økonomiske argumentet svekka.
– Frp og H har difor i gruppene sine allereie konkludert med at vi vil oppretthalda 5. - 7. klasse på Strøno slik at det også i åra som kjem blir ei 1-7-skule.
– Midla til dette skal vi finna, forsikrar ordførar Terje Søviknes (Frp) og varaordførar Marie Bruarøy (H).
Må ta ein større diskusjon
Både rektor, dei tilsette og foreldrerepresentantane ved Strøno har uttalt at den verste løysinga er flytting av elevane. Då hadde det vore betre å legga ned heile skulen.
– Det blir feil å diskutera Strøno isolert sett i det bilete.
– Vi må ta ein open diskusjon omkring skulestrukturen i Os totalt sett, kor vi kan få fokus på læringsresultat og kva som gjer at nokon gjer det bra og andre ikkje.
– Vi, som skuleeigarar, må tørre å ta den debatten.
Krev meir openheit
Som politikarar i kommunestyret får ikkje dei to innsyn i dei einskilde skulane sine resultat på nasjonale prøver og liknande.
– Rett nok for tenesteutvalet presentert resultata i lukka møte, men vi må tørre å vera opne på dette.
– Ikkje for å henga ut enkelt skular eller personar, men for å sjå kva fungerar og kva fungerar ikkje over tid.
– Finnst det fellesnemnarar som ein kan læra utav. Går det på størrelse, lærertettleik, utstyr eller andre ting.
– Slik ståa er i dag er det ingen av oss, verken i posisjon eller opposisjonen som er nøgd med resultata dei siste åra.
– Vi får ikkje debatt om resultata utan at alle kjenner alle fakta. Difor har vi utfordra administrasjonen til å finna ut korleis heile kommunestyret, og offentlegheita, kan få betre innsyn.
– Vinnarane av ei slik drøfting vil over tid vera ungane våre, avsluttar Søviknes og Bruarøy.