Redda to poeng
Os har ikkje spelt kamp på tre veker. Sundag sikra dei seg to nye poeng.
Det blei ein jamn og tett kamp i Slåtthaughallen sundag då Viking2 tok imot Os til oppgjer i herrane sin 2. divisjon.
At andrelaget ikkje er høgast prioritert i Viking tyder kanskje det at det ikkje stilte med folk i sekretariatet sjølv om dei var arrangør. Då måtte publikummarar som hadde tatt vegen frå Os stilla opp.
Dei første minutta såg det nesten ut som om osingane let seg påverka av rotet frå arrangørane i det dei let Viking rykka frå. Etterkvart kom Os seg tilbake i kampen og kunne gå til pause to mål framfor 11-9.
– Det blir ein kamp omtrent som eg venta.
– Den blir rotete, konkluderer Ostrenar Jesper Svensson.
Ags leverte
Andreomgangen blir like rotete som den første. Os ligg stort sett heile vegen litt framfor, men slepp Viking inn i kampen igjen gong på gong. Berre ein god Andreas Glomsås Sennesvik (AGS) i mål held Os inne i kampen i dei periodane.
– Det lyser gjennom at vi har trent lite saman den siste tida. Spesielt bakover gjer dette seg gjeldande.
– AGS er god i mål i dag. Det er kjekt å sjå at han grip sjansen no når Einar Godø er ute.
– Framover på banen gjev eg Joachim Nøkleby godkjent i 2. omgangen, oppsummerer Svensson, som trass ein ikkje heilt god kamp gler seg over dei to poenga.
Viking2 - Os 22-24 (9-11)
Utv: Viking raudt kort (3x2 min) + 1x2 min, Os 3x2 min
Os sitt lag: Andreas Glomsaas Sennesvik, Hans Brunvatne, Nils Andris Hamre, Joachim Nøkleby 8, Trygve Dahl 3, Frode Vindenes 1, Joakim Blostrupmoen 3, Jørgen Wold 4, Isak Røen 3, Øystein Skarding 2, Fredrik Andresen.
Os ligg etter sigeren på 6. plass med 10 poeng. Sjå tabell