Politikk | 10. sep. 2013

Redd det blir dyrt

Tenesteutvalet fryktar dei økonomiske konsekvensane av overkapasitet i barnehagane. – Det blir vi som må tak rekninga, forklarte Irene Ullensvang.

Redd det blir dyrt
Andris Hamretysdag 10. sep. 2013 13:41

1306 barn går i barnehage i Os kommune, 226 av dei i kommunal, 1080 i ikkje-kommunale barnehager. I tillegg er Borgafjell barnehage under bygging med ein kapasitet på 143 barn i alderen 0 til 6 år.

Antal barn i barnehage har auka med 360 barn sidan 2008.

– Vi har nådd målet om full barnehagedekning kvart år, trass i ulike vedtekter som styrer opptaket. Det skal vi vera nøgd med, fortalde barnehagefagleg rådgjevar Irene Ullensvang då ho presenterte ståa for tenesteutvalet førre veke.

0-åringane gjev uro

Med ein auka kapasitet på 143 barn frå desember er politikarane uroa over kva konsekvensar det vil få for dei kommunale budsjetta. Staten finansierar ikkje barnehageplassar for barn som etter lova ikkje har rett på barnehageplass, til dømes dei som er under eitt år.

– Det er vanskeleg å predikera korleis sitausjonen blir etter at Borgafjell opnar.

– Eindel ting er veldig uklart. Dei kjem nok til å henta ein del barn frå dei andre barnehagane. Det som er klar er at det ikkje finnst nok barn med rett til barnehageplass til å fylle alle barnehagane, fortalde Ullensvang.

– Det betyr altså at det vil få betydelege konsekvensar for oss om dei fyller opp med barn som ikkje har rett på plass, og som vi ikkje får bidra av frå staten, påpeika Eirik André Hesthamar (Frp).

Gjer ikkje noko ulovleg

Per i dag går 66 barn uten rett til plass i ein av dei 18 barnehagane i Os kommune.

– Desse er fødde etter 1/9 2012 eller har postnummer utanfor Os.

– Det er viktig å presisera at barnehage-eigarane ikkje gjer noko ulovleg, men det er eit stjerneeksempel på at regelverket er urettferdig.

– Vi må berre forholde oss til regelverket, og ta den rekninga som kjem, svara Ullensvang.

Det fekk tenesteutvalet til å be om eit notat over dei økonomiske konsekvensane av overkapasiteten på barnehageområdet til neste møte.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.