Redd Barna cup blei folkefest
VIDEO: Ny-konfirmantane ville laga cup til inntekt for Redd Barna, og skapte ein folkefest med sandvolleyball, fotballkampar og konsert på banen til Il Øyglimt.
– Dette blei betre enn venta! Det blei mykje jobb, og ei lærerik oppleving, men mange har stilt opp for å hjelpa og responsen har vore heilt fantastisk, seier initiativtakat Tommy Aasen (15).
Aasen har i ung alder fått ei unik interesse for Redd Barna, og fekk venar med på å laga fotballcup til inntekt for Redd Barna.
Men cupen blei langt meir enn ei fotballturnering.
Samba og rock
Programmet var omfattande nok; loppemarknad, open kiosk, sandvolleyballturnering, fotballcup og livemusikk.
– Då eg kom bort her og såg det yrande livet så tenkte eg; her må vi ha musikk i heile dag, seier musikar Geir-Magne Johnsen.
Han skulle på scenen klokka 10, men stakk rett heim og henta anlegget, så det kom musikk over anlegget også i timane før gitarane blei plugga i.
Og litt rytmar passa godt inn, for i sandvolleyballbanen var damelagat utkledde i hula-hula-kostyme, og på fotballbanen var det mykje fin teknikk.
Geir-Magne spelte saman med gitartalentet Hans Marius Johnsen, etterpå var det Kurt Røttingen og Steinar Lyssand sin tur.
Alle stilte opp
– Eg har fått veldig god hjelp, både av venar og familie, fortel Tommy.
– Det viste seg å vera mykje arbeid, så det har vore ein lærerik prosess.
Og sjølv om invitasjonen til cup kom seint i forhold til at mange klubbar, til og med Øyglimt, allereie var påmeldt i andre cupar, blei det spel på to 5-arbanar frå klokka 10.00 til klokka 18.00.
– Eg er veldig glad for at folk har mobilisert på denne måten, invitert kameratar til å laga lag og stilla i cupen. Kanskje kan dette bli eini tradisjon, og då kan vi vera endå tidlegare ute med å få lag til cupen.
Proff og amatør
I den opne vaksen-klassen var det sluttspel, og ein venegjeng frå Os J16 vann dameklassen. Det skulle òg berre mangla, då dei spelte mot delar av småjentelaget til Os og ein venegjeng frå Øyane.
Frå juniorlaget til Os stilte det også ein gjeng. Dei var suverene i den litt større herreklassen, men berre fram til finalen, der dei vann knepent 2-1 over ein kameratgjeng med 30-40-åringar frå Øyane.
Men dei største vinnarane laurdag var Redd Barna, Tommy og venane, og Øyane som krins, som fekk seg ein fin folkefest for heile familien helga før skuleferien startar.
VIDEO: Sjå litt av stemninga på Sundøy laurdag. (Foto: Kjetil Vssby Bruarøy)