Realiserer draumen
Lyseparken-direktør Cato Zachrisen seier seg opp for å realisera draumen “over there”. – Det har ingenting med jobben i Os å gjera, men det var no moglegheiten lå til rette for det.
I august 2012 blei Cato Zachrisen tilsett som utviklingsdirektør for Lyseparken. Han kom då frå stillinga som eigedomssjef i Entra Eiendom AS.
Etter eit snaut år i stillinga som utviklingsdirektør og den seinaste tida også som prosjektleiar for “Liv på Øyro” har Zachrisen no sagt seg opp for å flytta til USA.
– Både eg og kona har mykje av familien vår i USA.
– Vi har lyst til at ungane våre skal få knytta band blant anna til sine syskjenborn, slik som vi fekk i oppveksten. Det er hovudgrunnen til at vi no vel å flytta permanent, forklarar Zachrisen.
Tenkt tanken lenge
Med den nære knyttinga til USA er det ikkje ein ny tanke for familien Zachrisen.
– Tanken har vel alltid vore der, men arbeids- og opphaldstillatelse er ikkje det enklaste å få på permanent basis.
– Difor har det lagt på is, men vi har ein feriebustad i Orlando, så vi har vore mange gongar på vitjing oppgjennom åra, forklarar familiefaren.
Proffe i Noreg, svake i USA
Når Zachrisen fekk tilbodet om å byggja opp Inviso (eit av dei leiande firma i Noreg på bustadfotografering og visualisering av eigedomsprosjekt) si verksemd i USA, falt brikkene på plass og tanken blei realiserbar.
– Denne bransjen er nesten merkeleg profesjonell i Noreg.
– Du skal ikkje langt nedover i Europa før det er mykje dårlegare, og i USA er det nesten enno verre stilt.
– Eg trur vi har mykje å tilføra til den amerikanske marknaden, fortel Zachrisen som sjølv går inn som ein av investorane i prosjektet og dermed får investorvisum, eit visum som ikkje er tidsbegrensa.
Skulle gjerne pendla
Det er med vemod Zachrisen forlet Os kommune og dei to store prosjekta under oppsegling.
– Hadde det vore mogleg skulle eg gjerne pendla frå USA for å følgje både Lyseparken og “Liv på Øyro” i hamn.
– Du finn truleg ikkje meir spennande eigedomsprosjekt på Vestlandet enn desse for tida.
– Lyseparken er spennande fordi det er eit heilt nytt landområde, kor vi har kunne starta på scratch.
– I “Liv på øyro” er det berre moglegheiter. Eg trur Os sentrum kjem til å bli utruleg bra på litt sikt, seier den røynde eigedomsutveklaren som vil helda fullt trøkk både på Lyseparken og sentrum fram til han sluttar til fellesferien.
Overraska over kommunen
Som tidlegare eigedomssjef i Entra har Zachrisen jobba opp mot mange kommuner i forskjellege prosjekt.
– Eg er særs positivt overraska over Os kommune og prosjektstyra både i Lyseparken og “Liv på Øyro”.
– Den openheita og viljen til å lytta til nye idear som eg har opplevd her har eg ikkje opplevd makan til.
– Om det ikkje går som planlagt i USA, kunne du tenkja deg å koma tilbake til Os?
– Ja, uten tvil, slår Zachrisen fast.
Ordføraren: – Eitt stort tap
Ordførar Terje Søviknes legg ikkje skjul på at det er eit stort tap at Zachrisen vel å forlata kommunen.
– Cato har tatt tak i oppgåvene på ein fantastisk positiv måte og nytta si erfaring frå store eigedomsprosjekt både i Lyseparken og i “Liv på Øyro.”
– At han no sluttar er eit stort tap, men sånn er det når ein klarar å rekruttere gode medarbeidarar til Os kommune. Dei er gjerne attraktive for andre òg, seier Søviknes.
Startar rekrutteringsprosessen
Kommunen kjem umiddelbart til å starta prosessen med å rekruttera ein ny utviklingsdirektør til Lyseparken.
– Om denne også kjem til å bli prosjektleiar for “Liv på Øyro” eller om vi styrkar prosjektavdelinga i kommunen i staden, det får vi sjå litt nærare på.
– No skal vi gje gass dei månadane som er att før Cato forlet oss og freiste å få gjort så mykje som mogleg i båe prosjekta fram mot sommaren, avsluttar ordføraren.