Real interesse for naturfag
Midtsiden TV: Denne veka er 25 ungar på forskarskule i Os.
Etter fullt hus og suksess i 2014 er Forskerfabrikken i år tilbake i Os.
– I år er vi nesten like mange, 25 av 26 plassar er fylt opp, seier Ingeborg Sævareid Solvang.
Ingeborg er instruktør saman med Olav Tegle Sande frå Jæren. Forskerfabrikken går frå måndag til fredag med elevar som skal opp i 5. til 7. trinn denne hausten.
Midtsiden besøkte Forskerfabrikken tysdag. Sjå video i vindauget over.
Lager nye kurs til hausten
Målet med Forskerfabrikken er å auka interessa for naturfag blant unge gutar og jenter.
Nytt i år er at Forskerfabrikken kjem til Os med kurs som går éin kveld i veka.
– Her kan elevane delta i lærerike prosjekt gjennom hausten og delar av vinteren, fortel Solvang.
Kurset i Os startar i oktober og varer til starten på februar.