Politi | 27. juli 2023

Reagerer på forbikøyring i Nordvik

Politiet ber om tips.

Reagerer på forbikøyring i Nordvik
Kvinna blei forbikøyrd i 30-sona ved den nedlagte skulen. (Arkivfoto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 27. juli 2023 07:17

Onsdag klokka 23.13 blei politiet oppringt av ei kvinne som hadde køyrd Fanafjellsveien til Os.

– På toppen av Fanafjellet la ho merke til ein Porsche og to mopedar eller lett MC som sto oppstilte på den store parkeringsplassen. Etter ei stund blei ho innhenta av desse, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

I 30-sona retning Sperrevik skal både bilen og dei to tohjulingane ha køyrd forbi i høg fart.

Politiet er interessert i opplysingar frå hendinga og ber eventuelle vitne ta kontakt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.