Ravneberghaugen har blitt større og finare
119 år gamle Ravneberghaugen markerte sluttfasen av tre år med utviding og oppussing.
Ravneberghaugen Senter for Mestring og Rehabilitering har sidan 2015 først blitt utvida med 1.120 kvadratmeter og no fått rusta opp spisesal og 12 pasientrom med toalett.
• Les òg: Utviding med stor effekt (juni 2016)
Ravneberghaugen har blitt ein stor arbeidsplass med over 50 fast tilsette. Frå 2008 har omsetnaden vakse frå 13 millionar kroner til 23 i 2011 og 37 millionar i 2016.
Utviding- og oppussingsarbeidet er i sluttfasen, og tysdag var det markering med avduking, musikk og talar ved to kunstnarar, dagleg leiar og styreleiar.
Kunst til inspirasjon og rekreasjon
Dagleg leiar Ranveig Klingsheim ønskte velkomen. I samband med det byggmessige løftet har rehabiliteringssenteret fått nytt namn, nytt slagord og ny logo.
– Det nye slagordet vårt, «kompetanse, mestring og bevegelsesglede», fortel om kjerneverksemda vår. Kunst kan vera til både inspirasjon og rekreasjon, som skulturen vi har av eit tre i hagen, der eit blad frå dette treet blei fotografert og brukt som utgangspunkt for ny logo, sa Klingsheim.
Ny kunst er erverva. Maleri av Jan Erik Wilgohs blei kjøpt hos Vedholmen Galleri, eit galleri Ravneberghaugen har glede og nytte av. Ein skulptur forma av Boutros Romhein blei kjøpt via kunstnarnabo Arne Mæland, som har verkstad både i Solbakkestova og på Storum.
– Nokre bilde er skapt for å sjå over tid
Jan Erik Wilgohs har stilt ut ved Vedholmen Galleri tre gongar. Han er utdanna ved Statens Kunstakademi i Oslo og Konsthøgskolan i Stockholm, og har ein Master fra Royal College of Art i London. Han har gjennom 40 år hatt over 70 utstillingar i Noreg, Europa og andre stadar i verda. Hans arbeid ble valt til Nobel Fredspris-diplom i 2013.
Wilgohs fortalte om prosessen og tankane rundt det å skapa eit maleri.
– Nokre bilde, som reklame, er laga for å skapa eit inntrykk på kort tid. Andre kan du sjå på lenge. Eg er glad for at maleriet som Ravneberghaugen skal henga i spisesalen, ein stad folk sit ei stund.
Ravneberghaugen har kjøpt maleriet «Fjellblomster».
– Eg dreg det kanskje litt langt om eg seier at maleriet har kome heim, men kusina mi er gift med sonen til grunnleggaren av Ravneberghaugen, så litt inngift blod er det, sa kunstnaren.
Avduking og musikk
Etter tale av Wilgohs var det avduking av skulpturen.
Dette var det styreleiar Ivar August Bye som sto for.
Bye takka for interessant og underhaldand tale før han trekte duken av skulpturen og Mæland fekk fortelja om kunstnaren og marmoren.
Frå same fjell som Michelangelo henta stein
Boutros Romhein har deltatt på nærmast alle skulptursymposia som har vore i Os frå 1999 til 2017. Skulpturen han lagde i Vognhallen i fjor var ein som Klingsheim «berre måtte ha».
– Den står så godt til logoen vår, synest ho.
Arne Mæland fortalde om både kunstnaren og om prosessen med å henta marmor frå Italia til symposia i Os.
– Boutros og kona er gode venar og viktige hjelparar i denne prosessen. Det er mykje papirarbeid med denne typen import, og marmoren er henta frå same fjell som Michelangelo (1475-1564) i si tid tok ut stein til sine skulpturar.
– Boutros har eigne skulptørkurs i fjellet, og er ein høgt akta person og kunstnar i området.
Etter talar og avduking var det musikkinnslag ved elevar frå Kongshaug Musikkgymnas.