Raske gutar opp Ulriken
Både Øyvind Odland og Kjetil Styrvoll er på topp 50-lista uansett klasse. Men osingen med beste plassering i Ulriken Opp er Anne Marit Skjeie.
I helga gjekk årets Ulriken Opp av stabelen, med start ved havnivå ved Store Lungegården og 3,6 kilometer opp 605 meter til toppen.
Thorbjørn Ludvigsen (24) blei raskaste mann og slo i tillegg den legendariske rekorden til Jon Tvedt då han sprang i mål på 22:23, 17 sekund raskare enn avdøydde Tvedt gjorde i 2008.
Kirsten Marathon Melkevik var raskaste kvinne og kom i mål på 27:03, som er tre sekund raskare enn løyperekorden til May Britt Buer.
Anne Marit på 9. plass
Anne Marit Skjeie frå Sprek og Blid Os kom på 9. plass uansett klasse og var suveren i eigen klasse.
Med tida 33:06 var ho over fire minutt framfor nestemann i klassen kvinner 50-54 år.
Tida var god nok til 9. plass på topp 50-lista uansett kvinneklasse.
Haga vann guteklassen
Ein annan osing som gjorde det skarpt er Eirik Spangelo Haga frå Nore Neset il.
Haga vann gutar 12-13 år med tida 31:26.
Øyvind og Kjetil også på topp 50-lista
Øyvind Odland frå Nore Neset IL og Kjetil Styrvoll frå Opptur klarte seg også bra og er begge representert på topp 50-lista for herrar.
33. plass: Øyvind Odland, 29:30
38. plass Kjetil Styrvoll, 29:39
Øyvind kom på 3. plass i klassen sin, gutar 16-17 år, Kjetil kom på 6. plass i klassen menn 40-44 år.