Raskaste osing opp Ulriken
Andreas Søfteland kom på 18. plass uansett klasse i Ulriken Opp. Fleire andre osingar gjorde det skarpt.
Laurdag blei årets Ulriken Opp arrangert og med 6.881 deltakarar.
Av desse var det 242 som ikkje starta ved Montana, men deltok i den meir enn dobbelt så lange løypa frå Store Lungegårdsvatn og opp 3,6 km til 605 moh.
Stian Angermund var med tida 22,48 raskaste herre Kirsten Melkevik vann kvinneklassen på tida 27,59.
18. plass uansett klasse
Raskaste osing uansett klasse og aldersklasse var Andreas Søfteland frå Søfteland TIL.
Med tida 27,16 blei det 18. plass (12. plass i klassen menn 23-34 år) på Søfteland.
– Eg konkurrerte lite i fjor og har trent mindre i vinter enn før 2013-sesongen, så eg var spent på tida mi.
– Men for to veker sidan deltok eg i eit løp på Osterøy, og då såg eg at eg er i betre form enn eg hadde trudd. Og eg er nøgd med 27,16 i debuten min opp Ulriken, seier Andreas.
1. og 2. plass til Anne Marit og Kjetil
Best i sin klasse var Anne Marit Skjeie, som med tida 35,19 var fem minutt raskare enn neste kvinne i klassen 50-54 år.
Anne Marit kom på 10. plass i kvinneklassen, og det etter ei litt dryg oppvarming.
– Ho hadde visst sykla rundt 100 km over Gullfjellet som oppvarming, så dette var imponerande, fortel Andreas.
Kjetil Styrvoll var nest beste osing med tida 29,24, godt nok til 2. plass i klassen 40-44 år og 39. plass uansett klasse og kjønn. Dette var også 15 sekund raskare enn persen han sette i fjor.
Øyvind Odland sprang opp på 33,17 og kom på 96. plass og 9. plass i klassen 16-17 år.