Ramsvik vil selja salongen
Frisørkjeda Ramsvik er i utviding, men vil no selja den fem år gamle salongen i Os sentrum.
Ramsvik Frisør Os var den femte salongen til kjeda då dei opna i Brugata i Os sentrum for fem år sidan.
Salongen er framleis i drift, men no vil kjeda selja.
– Salongen på Os er litt liten i forhold til å kunna dra nytte av den driftsmodellen vi no har, seier administrerande direktør i Ramsvik-kjeda, Kristin Blytt Davidsen.
Ramsvik har i dag 9 salongar, blant anna på Lagunen og Vestkanten, og utvidar i haust med nye salongar i Exhibition og Åsane Storsenter.
– Hovudårsaka til at vi no vil selja er at medeigar og dagleg leiar på Os, Martha Torbjørnsen, no skal over frå å vera utøvande frisør til å bli tilsett i kjedeadministrasjonen.
– Martha har vore ein nøkkelperson for oss på Os, men fekk dessverre ein allergi som gjer at ho no er over i andre roller for Ramsvik.
– Duk og dekka bord
Ramsvik-kjeda driv salongen på Os vidare, men kor lenge er uvisst.
– Vi legg den no ut for sal. Dette er ein fantastisk sjanse for den eller dei som vurderer å starta for seg sjølv. Dei kan omtrent berre skifta logo på fasaden og opna opp.
Ramsvik Os har 11 frisørplassar og 3 vaskar, alle med massasje i ryggen.
– Det blei ikkje spart på noko då vi bygde salongen, men vi vil vera rimelege med dei som eventuelt vil overta. Vi synest det vil vera trist om ikkje dette innreia lokalet også i framtida blir brukt av frisørar.
Ramsvik har fem år igjen av leigekontrakten.
– Men vi har god dialog med huseigar Joa Gruppen, som viser seg å vera fleksible og veldig opptatte av leigetakar sine interesser. Vi har dessutan tru på arbeidet Os kommune gjer i prosjektet «Liv på Øyro». Os sentrum vil nok bli meir og meir attraktiv stad å driva i åra som kjem, seier Blytt Davidsen.