Ramo-raid sikra plass i KM-finalen
Ramo Racic skåra fem mål for Søfteland i ein spennande kamp om plass i KM-finalen. Der kan dei møta Nore Neset.
2015 er eit godt opprykksår for Osbygda, med Lysekloster opp i 2. divisjon, Os 2 opp i 4. divisjon, Søfteland og Nore Neset opp i 5. divisjon og Nore Neset 2 klar for kvalik til opprykk til 6. divisjon (mot Voss 2 heime søndag 8/11).
Søfteland og Nore Neset har kome seg opp frå kvar si 6. divisjonsavdeling og kjempar begge om og bli kretsmeister.
Fredag spelte Søfteland semifinale mot Øystese 2.
Målskårar og servitør
Tidlegare Lysekloster- og Os-spelar Ramo Racic er toppskårar i 6. divisjon avdeling 1. Om fotball.no har registrert alt står Ramo med heile 16 mål på 18 kampar.
Fredag skåra han 5 av Søfteland sine 6 mål. Simon Aasen, som serverte på tre av Ramo sine skåringar, sette inn 2-0-målet.
Slapp dei inn i kampen - to gongar!
Søfteland leia 3-0 etter 30 minutt og vann til slutt 6-3.
Men det var spenning i kampen både før og etter pause.
– Det var unødvendig av oss å sleppa dei inn igjen i kampen så mange gongar, synest toppskåraren.
– Vi var einige om å gå ut og drepa kampen etter pause, men i staden for å gå opp i 4-1 så blei det 3-2. Vi tok oss saman og gjekk opp i 4-2, men så blei det 4-3.
Då skal spelarane ha fått grei beskjed frå benken: «No er det nok!»
– Øystese 2 besto av nokre løpssterke unge gutar, i tillegg såg det ut som om dei hadde 3-4 med frå A-stallen. Men vi lykkast med strategien vår, med å variera presset, så lenge alle var på. Det var unødvendig av oss å sleppa dei inn i kampen to gongar
Nore Neset speler borte mot Kvernbit søndag. Om dei vinn blir det derby i KM-finalen